Berte Kanutte Aarflot
Berte Kanutte Aarflot (født 1795 i Ørsta, død 1859) var salmediktar.
Ho var dotter av lensmann og boktrykkar Sivert Aarflot (1759–1817) og Gunhild Rasmusdotter Eikrem (1756–1836). Ho gifte seg med bonden Amund Aarflot, og dei fekk sju born.
Berte Aarflot vart haugianar, og var kjend for å alltid stille opp når nokon på Ørsta hadde det vondt. Ho skreiv salmar - det vil seie, ho tenkte ut salmevers medan ho spant eller dreiv med anna arbeide, og så skreiv ho dei ned seinare. Mange av versa vart skrivne når ein nabo var i sorg og trengde nokre trøystande ord.
Fleira av salmane vart samla og utgjeve, og samlinga Troens Frugt kom ut i heile ni opplag. I åra 1856–1862 vart det utgjeve eit verk i fem band med salmane hennar, under tittelen Smuler til Næring for Livet.
Litteratur og kjelder
- Berte Kanutte Aarflot i Historisk befolkningsregister.
- Meyer, Ulla: Norske kvinner: 150 portretter. Utg. Jacob Dybwads forlag. [Oslo]. 1943. Digital versjon på Nettbiblioteket..