Berthe Stenhovden

Denne artikkelen er under aktiv utvikling og vil derfor framstå som en kladd inntil denne malen er fjernet. Du er velkommen til å delta i den videre utviklingen av artikkelen!


Berthe Andersdotter Stenhovden (fødd i Tiller (nå Trondheim) truleg i 1777, død i Flora i Sunnfjord september/oktober 1857), var ein kjend haugianar. Før ho gifta seg, var ho kjend som Berthe Løvaas.

Ho var fødd på garden Lauvåsen i Tiller. Fødselsdatoen er uviss. Foreldra var gardbrukarparet Anders Halvorsen Løvaas (fødd ca. 1730) og Maren Larsdotter Forset (fødd ca. 1744). Berthe hadde ei litt eldre syster, Randi Solem, som også var ein kjend haugiansk forkynnar. Både Berthe, Randi og tre andre sysken bur på foreldregarden i 1801, utan at vi veit om dette var heile syskenflokken.

I 1802 gifta Berthe Andersdotter seg med Peder Abrahamsson Stenhovden (1778-1838) gardbrukar på Steinhovden og landhandlar i Eikefjord sokn av Kinn prestegjeld (nåverande Flora kommune). Det var nærast eit arrangert ekteskap, som ikkje var uvanleg innan den haugianske vennekretsen. Det var Hans Nielsen Hauge sjølv som hadde rådd Peder til å fri til Berthe. H.G.Heggtveit skriv om dette: «Da hun var vakker og i alle Maader rigt udrustet, samttykte han med Glæde, friede til hende, fik «Ja», og hun blev ham en from og ualmindelig driftig og dygtig Hustru.»

Vigselsinnførselen 1802, kyrkjebok for Kinn prestegjeld.