Bjørke kyrkje (Ørsta)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 5. jun. 2009 kl. 00:29 av Siri J (samtale | bidrag) (+bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
«Bjørke kirke» har flere betydninger.
Bjørke kyrkje
Foto:Hugen

Bjørke kyrkje eller Storfjord kyrkje, er ei kyrkje i Storfjorden sokn og ligg på Bjørke i Ørsta kommune i Møre og Romsdal fylke. Fordi kyrkja ligg på Bjørke, vert ho kalla Bjørke kyrkje på folkemunne.

Kyrkja vart bygd i 1919-1920, som ei langkyrkje i treverk (tømmer) av byggmeistrarar Sivert og Edvard Gjerdsdal frå Austefjorden. Arkitekt var Mathias Brekke frå Ålesund. Innvendig måling og dekorasjon er utført av kunstmålar Johan Haddal. Altartavla er laga av Arne Kinsarvik og Karl Straume. Kyrkja vart innvigd eller vigsla 16. september 1920 av biskop Peter Hognestad. Ho har 200 sitjeplassar. Det er kyrkjegard ved kyrkja.

Ei tidlegare kyrkje frå middelalderen er omtalt på Bjørke i Storfjorden.

Litteratur

  • Aklestad, Sivert. 1937. Minneskrift. Hjørundfjord kommune 1837 - 1937. Ålesund, 1937.

Eksterne lenkjer