Arne Kinsarvik

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Evangelisten Lukas. Teikning Arnstein Arneberg. Treskurd Arne Kinsarvik 1932. Frå preikestolen i Volda kyrkje.
Foto: Thor Sivert Heggedal (2007).

Arne Kinsarvik (født 7. februar 1890, død 3. desember 1969) var treskjerar og rosemalar. Største delen av livet budde han i Volda, og han vil bli mest hugsa for sine arbeid i ei rekke kyrkjer på Sunnmøre og i Nordfjord.

Oppvekst og tidleg læring

Arne var son av den kjende Lars Kinsarvik (1846 – 1929). Lars var i si tid ein av dei viktigaste rosemalarane og treskjerarane i Norge. Han utvikla og fornya den tradisjonelle stilen innanfor desse områda Slik at «Kinsarvik-stil» var eit omgrep som ofte vart brukt. Lars budde og arbeidde først i Hardanger. Seinare flytte han til Sunnmøre. Han hadde ein utruleg stor produksjon, og arbeida hans var kjende og verdsette i heile landet.

Sonen, Arne, «vaks opp» i faren sine verkstader, og han viste tidleg gode evner både som treskjerar og rosemalar. I gutedagane hans budde familien i Kinsarvik i Hardanger. Lars dreiv treskjerarskule der, og Arne var med som elev. Seinare flytte dei til Ørsta på Sunnmøre. Arne var då 15 år. Han hadde då alt bestemt seg for at det var treskjerar han ville bli. I Ørsta dreiv Johs. Bjordal treskjerarskule, og Arne Kinsarvik melde seg på som elev. Etter nokre år flytte familien til Volda, der Lars hadde kjøpt eit lite bruk der han bygde våningshus og verkstad. Verkstaden rømde både arbeidsrom for Lars og rom for elevar og andre som hjelpte Lars i arbeidet. Arne var ein av desse.

I 1915 måtte Lars Kinsarvik slutte som treskjerar p.g.a. sviktande syn. Framover til då hadde han ein utruleg stor produksjon - store møbelgrupper og ei mengd mindre arbeid med treskurd og rosemaling. Dessutan store arbeid i ei rekke kyrkjer i regionen. Når han vann over så mykje, var det fordi elevar og andre hjelparar assisterte han i arbeidet. Ein av desse var Arne. Det er blitt sagt at mykje av æra for Lars Kinsarvik sitt arbeid dei siste åra, skal Arne og broren Harald ha.

Døypefont. Teikning Arnstein Arneberg. Treskurd Arne Kinsarvik 1932. Frå Volda kyrkje.
Foto: Thor Sivert Heggedal 2007

Formell utdanning

Arne Kinsarvik vart i 1910 tatt opp som elev ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo. Han hadde då ein solid bakgrunn i treskjering og rosemaling gjennom skolering og deltaking i faren sin produksjon. Etter to år ved skulen fekk han både i 1912 og 1913 statsstipend for studium i Flensburg i Tyskland. Og i 1914 eit tre månaders stipend for studium ved Konstfackskolan i Stockholm. Han studerte der både teikning, modellering og treskjering. Med dette var læretida over. Men gjennom heile læretida hadde Arne også vore ein aktiv utøvar av dei kunsthandverka han studerte.

Etablering i Volda

I 1914 blei Arne gift, og han slo seg då til heime hos faren. Året etter, då faren fekk store synsvanskar, tok han over både gardsbruk og verkstad og førde faren sitt arbeid vidare. Mest som treskjerar, men dei seinare åra meir og meir som malar. Arne førde faren sitt arbeid vidare, men ikkje slik at han slavisk kopierte. Han bygde nok på faren sin stil, men utvikla sin eigen.

Om Arne Kinsarvik sin produksjon

Bauta over biletkunstnarane Lars Kinsarvik og Arne Kinsarvik oppsett 1990 i Volda sentrum.
Foto: Arnfinn Kjelland 2009

Arne Kinsarvik hadde ein allsidig produksjon: Møblar, mange slags bruksting, ting til pynt og reine dekorasjonsoppdrag. Den største produksjonen var kanskje arbeid i kyrkjer. Arne utførde arbeid i alle fall i eit titals kyrkjer på Sunnmøre og i Nordfjord. Mellom andre i Volda-kyrkja som vart innvigd i 1932. Den kjende Arnstein Arneberg var arkitekt, og den like kjende malaren Hugo Lous Mohr var konsulent for utsmykkinga, i tillegg til at han malte fondveggen i koret. All utsmykking var styrd av desse to, men lokale folk utførde arbeidet. Såleis også for treskjeringa. Arne Kinsarvik utførde dette arbeidet; preikestol, sokkel for døypefont, lesepult og korgitter med religiøse symbol. Desse arbeida er godt synlege og ein viktig del av det visuelle inntrykket av kyrkjerommet. Illustrasjonane til denne artikkelen er henta frå kyrkja i Volda.

Kjelder

  • Rotevatn,Jarle S.:Arne og Lars Kinsarvik. Kinsarvikjubileet 17. mai 1990. Minneskrift. Volda
  • Ørstavik,Ragnar. Volda kyrkje 1932 - 1982. Volda 1882
  • Nekrolog. Avisa Møre 06.12.1969


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Arne Kinsarvik er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.