Bjørkedal kystlag: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(kat)
Linje 22: Linje 22:


== Filmar frå youtube ==
== Filmar frå youtube ==
*[http://youtu.be/SZlHg59ApFo Nokre klipp handverksdagen 2011]
*[http://youtu.be/SZlHg59ApFo Nokre klipp frå handverksdagen 2011]


==Kjelder==
==Kjelder==

Sideversjonen fra 6. okt. 2022 kl. 13:21

Mal:Thumb høyre Bjørkedal kystlag er ei foreining som vart stifta i 1994 for å samle inn og ta vare på båtar bygde i Bjørkedalen i Volda. Båtane er no samla i Bjørkedal båtsamling på Søre Bjørkedalen. Bjørkedal kystlag er lokallag av Forbundet KYSTEN.

Laget har utvida verksemda til å dreie seg om å ta vare på og bruke forskjellige delar av kystkulturen på Sunnmøre. Båtsamlinga vart i 2007 utskilt som eige lag med ansvar for dei av båtane som ikkje er sjødyktige. I tillegg til tradisjonelle båtar har samlinga ei operativ oppgangssag.

Kystlaget kjøpte i 2008 MK Nordlys, bygd 1943, 49 fot og konsentrerer aktiviteten sin kring dette fartøyet.

I Forbundet KYSTENs prosjekt adopter et kystkulturminne har Bjørkedal kystlag adoptert båtdraging som sitt kystkulturminne. Heile prosessen med å få båten frå skotet til sjøen, inkludert historia om korleis Bjørkedalen fekk statlig løve til veg, bru og båtvogn på 1880-tallet.

Nokre av båtane som Bjørkedal kystlag har registrert i tradisjonsbåtregisteret er «Borgundfjording», «Hjørundfjordbåten» og «Håkon».

Bilde frå Bjørkedal kystlags aktivitet


Filmar frå youtube

Kjelder