Bjørkelund (Bykle gnr 2/25)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 21. okt. 2014 kl. 12:53 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: {{Infoboks gard | målform = nn | bgfarge = | navn = Bjørkelund | bilde = | bildetekst = | altnavn = | førstnevnt = | ryddet = | u...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjørkelund
Utskilt: 1955
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 25
Type: Bustadseigedom

Bjørkelund var ein bustadseigedom på Hovden. Tomta låg i kanten av riksvegen i bakken like ovanfor der huset åt Knut Vatnedalen (Flatemo, bnr 32) låg. Det var sylvsmeden Jon Knutsson Helle frå Hylestad som sette opp hus her i 1955 etter å ha festa tomta frå bnr 1 same året. Jon var her om sumrane frå 1955 til 1977, sat her og arbeidde sylv, og selde til turistane.

Vinterstid var han og familien hans på bruket Nybrot i Helle, gnr 70, bnr 15 (jfr. Valle I, 168). Då Jon døydde i 1988, gjekk tomta attende til Åshild Lidtveit og Tone Uleberg, som då overtok huset frå ervingane etter Jon Helle.

Sidan har Bykle kommune overteke eigedomen, og rive huset, avdi det kom i vegen for ein reguleringsplan.

Mal:Bykle kommune