Bjørkelund (Bykle gnr 2/25)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjørkelund
Utskilt: 1955
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 25
Type: Bustadseigedom

Bjørkelund var ein bustadseigedom på Hovden. Tomta låg i kanten av riksvegen i bakken like ovanfor der huset åt Knut Vatnedalen (Flatemo, bnr 32) låg. Det var sylvsmeden Jon Knutsson Helle frå Hylestad som sette opp hus her i 1955 etter å ha festa tomta frå bnr 1 same året. Jon var her om sumrane frå 1955 til 1977, sat her og arbeidde sylv, og selde til turistane.

Vinterstid var han og familien hans på bruket Nybrot i Helle, gnr 70, bnr 15 (jfr. Valle I, 168). Då Jon døydde i 1988, gjekk tomta attende til Åshild Lidtveit og Tone Uleberg, som då overtok huset frå ervingane etter Jon Helle.

Sidan har Bykle kommune overteke eigedomen, og rive huset, avdi det kom i vegen for ein reguleringsplan.


0941 Bykle komm.png Bjørkelund (Bykle gnr 2/25) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Sekkepipeseter • Neste bolk: Flatemo