Bolette Pavels Larsen

Bolette Pavels Larsen (fødd 1847 i Sogndal, død 1904 i Bergen) var norsk forfattar. Foreldra var prokurator Jonas Lund og Inger Marie Munthe. Ho var gift med bankfullmektig Ole Johan Larsen (f. 1845, d. 1928).

Ho omsette mange av forteljingane til den svenske folkelivsskildraren Henrik Wranér, og gjorde dei heimlege med ei fri attgjeving på sognemål. Dei kom i boka Staaveprat (1888) og i Smaastubbar (1888). Eigne stykke gav ho ut i 1897 under tittelen Smaome skjeldringa; stykka kom òg på bokmål, Smaa skildringer, same året. I 1902 kom Kløver og klunger.

Bolette Pavels Larsen var ein kunnig litteraturmeldar og gav verdfull støtte til nynorsk litteratur. Ho brevveksla med ei heil rekkje kjende personar. Brevsamlinga hennar er ivareteke i Bergens Museum og inneheld m.a. brev frå Garborg og Hamsun.

Kjelder og litteratur

Eskeland, Severin: artikkel i Norsk allkunnebok band VII. Oslo 1957.

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!

Mal:DEFAULTSORTLarsen, Bolette Pavels: