Bolette Pavels Larsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bolette Pavels Larsens bauta i Fjærland. Frå 1891 var Bolette fast gjest i Fjærland og her fekk ho inspirasjon til diktninga. Sogninger reiste denne steinen i 1907 og i 2014 vart steinen flytta til sin noværande plass i Mundal.
Foto: Siri Iversen, 2022.

Bolette Pavels Larsen (fødd 1847 i Sogndal, død 1904 i Bergen) var norsk forfattar. Foreldra var prokurator Jonas Lund og Inger Marie Munthe. Ho var gift med bankfullmektig Ole Johan Larsen (f. 1845, d. 1928).

Ho omsette mange av forteljingane til den svenske folkelivsskildraren Henrik Wranér, og gjorde dei heimlege med ei fri attgjeving på sognemål. Dei kom i boka Staaveprat (1888) og i Smaastubbar (1888). Eigne stykke gav ho ut i 1897 under tittelen Smaome skjeldringa; stykka kom òg på bokmål, Smaa skildringer, same året. I 1902 kom Kløver og klunger.

Bolette Pavels Larsen var ein kunnig litteraturmeldar og gav verdfull støtte til nynorsk litteratur. Ho brevveksla med ei heil rekkje kjende personar. Brevsamlinga hennar er ivareteke i Bergens Museum og inneheld m.a. brev frå Garborg og Hamsun.

Boka Artiklar, kritikk, forteljingar og brev, presentasjon og utval ved Idar Stegane, kom ved 150-årsminnet i 1997.

Kjelder og litteratur

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!