Brænna (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 15. apr. 2011 kl. 07:31 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Brænna''' var ein husmannsplass under garden Bergset i Krundalen i Jostedalen, no Luster kommune. Brænna vart rydda av Ole Rasmusson Bergset (...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Brænna var ein husmannsplass under garden Bergset i Krundalen i Jostedalen, no Luster kommune.

Brænna vart rydda av Ole Rasmusson Bergset (1796-1873) og kona hans Johanna Tøgersdotter (1805-1867) kring 1840. Plassen låg kring 150 meter vest for det noverande tunet i Bergset og var såleis den buplassen i Krundalen som nærast Tuftebreen, som på dette tidspunktet framleis gjekk ned i dalbotnen.

Plassen vart nedlagd etter at Ole døydde i 1873, og jorda gjekk attende til garden.

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 913. (Digital utgåve, NBdigital)

Mal:Koordinater