Brøløsvegen (Seljord)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. jul. 2021 kl. 14:31 av Rool (samtale | bidrag) (Oppretter side.)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Parti frå Brøløsvegen.
Foto: Roy Olsen (2021).

Brøløsvegen i Seljord kommune går nordaustover frå Nordbygdivegen i krysset med Nyveg, gjennom sentrum til Vallarvegen (E134) der han kryssar Vallaråi på Vallar bru.

Vegen er 1 647 m lang og har namn etter Brøløs, bygdas opphavelege sentrum.

Fram til 20. oktober 1993 var Brøløsvegen ein del av riksveg 11. Da vart vegstrekninga frå Bjørge til Li i Nordbygdi opna, og riksvegen vart lagt utanom sentrum, og den tidlegare traseen der med Brøløsvegen og Nordbygdivegen vart nedgradert til lokalveg. Riksveg 11 fekk europavegstatus og vart E134 i 2000.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Varden 20. oktober 1993.


Koordinater: 59.48175° N 8.62123° Ø