Breheimsenteret

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. jul. 2011 kl. 08:44 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Breheimsenteret''' var eit informasjonssenter for Jostedalsbreen nasjonalpark og Breheimen nasjonalpark. Det låg i Jostedalen i Luster kommune, Sogn og Fjordane, og vart...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

'''Breheimsenteret''' var eit informasjonssenter for Jostedalsbreen nasjonalpark og Breheimen nasjonalpark. Det låg i Jostedalen i Luster kommune, Sogn og Fjordane, og vart totalskadd av brann 28. juli 2011.

Ideen om eit informasjonssenter tok form gjennom bygdeutviklingsarbeidet i Jostedalen sist i 1980-åra, og i 1993 stod Breheimsenteret ferdig. Arkitekt var Rolf Sande ved arkitektkontoret A38 i Sogndal, og bygget fekk ei karakteristisk form som sprekk og tårn i ein blåisbre.

Breheimsenteret vart lagt ved munningen av dalen som fører inn til Nigardsbreen, og med flott utsyn til breen og Mjølvergrendi, rett attmed pensjonatet Nigardsbreen gjesteheim (Fjellheim).

Senteret er eit offisielt Nasjonalparksenter, driv turistinformasjon og sel turar for aktivitetsbedrifter som Jostedalen Breførarlag (breturar) og IceTroll (kajakkturar og rafting).

Senteret hadde omfattande natur- og kulturhistoriske utstillingar. Utstillingsarkitekt var Pål Th. Sundhell, og utstillingane vart utforma i samarbeid med Universitetet i Bergen, Historisk Museum, NVE, Statkraft og lokale krefter. Senteret hadde òg ein kafé med klatrevegg for born. Det hadde ope frå 1. mai til 1. oktober. I høgsesongen var 'brepubane' på fredagen med levande musikk mykje besøkte. Senteret var eit fast møtepunkt både for førarar og andre tilsette i reiselivsnæringa om sommaren og bygdefolk elles.

Breheimsenteret brann ned til grunnen om kvelden 28. juli 2011. Bygget var folketomt, og ingen kom til skade. Politiet fekk melding om brannen kl 22:19, og etter få minutt var bygget overtent. Brannårsaka er førebels ukjend, men det hadde vore eit kraftig torever tidlegare på kvelden.

Etter ei refinansiering i 1990-åra har senteret vore eigd og drive av Breheimsenteret AS, som har ni lokale eigarar. Styreleiar i ei årrekkje har vore Svein Norberg, og dagleg leiar sidan kring 1994 har vore Peder Kjærvik. Breheimsenteret har heile tida vore ein viktig sommararbeidsplass for ungdom frå Jostedalen med 10-12 tilsette i høgsesongen.

Bakgrunnsstoff