Breheimsenteret

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Breheimsenteret brenn 28. juli 2011
Foto: Eli Bjørhusdal

Breheimsenteret er eit informasjonssenter for Jostedalsbreen nasjonalpark og Breheimen nasjonalpark. Det ligg i Jostedalen i Luster kommune, Sogn og Fjordane.

Ideen om eit informasjonssenter tok form gjennom bygdeutviklingsarbeidet i Jostedalen sist i 1980-åra, og i 1993 stod Breheimsenteret ferdig. Arkitekt var Rolf Sande ved arkitektkontoret A38 i Sogndal, og bygget fekk ei karakteristisk form som sprekk og tårn i ein blåisbre.

Breheimsenteret ligg ved munningen av sidedalen i Jostedalen som fører inn til Nigardsbreen, og med flott utsyn til breen og Mjølvergrendi. Det ligg attmed pensjonatet Nigardsbreen gjesteheim (Fjellheim).

Breheimsenteret i Jostedalen
Foto: G. Lanting (2008).

Senteret er eit offisielt Nasjonalparksenter, driv turistinformasjon og sel turar for aktivitetsbedrifter som Jostedalen breførarlag (breturar) og IceTroll (kajakkturar og rafting).

Den karakteristiske bygningen brann ned til grunnen 28. juli 2011. Bygget var folketomt, og ingen kom til skade. Politiet fekk melding om brannen kl 22:19, og etter få minutt var bygget overtent. Det var ikkje mogleg å fastslå brannårsaka sikkert, men det hadde vore eit kraftig torever tidlegare på kvelden.

Senteret var i drift i provisoriske lokale alt morgonen etter brannen, og resten av 2011-sesongen og heile 2012-sesongen vart det drive i brakker og telt. Arbeidet med å byggje opp att senteret starta straks, og 17. mai 2013 opna det nye Breheimsenteret for publikum. Den nye bygningen har fått same karakteristiske form som den gamle, men planløysinga inne er noko justert. Statsminister Jens Stoltenberg stod føre den offisielle opninga 24. juni 2013.

Det gamle breheimsenteret hadde omfattande natur- og kulturhistoriske utstillingar som gjekk tapt i brannen. Utstillingsarkitekt var Pål Th. Sundhell, og utstillingane vart utforma i samarbeid med Universitetet i Bergen, Historisk Museum, NVE, Statkraft og lokale krefter. Utstillingane i det nye senteret har ein kjerne med innhald som ligg tett opp til den gamle hovudutstillinga, men med ei rekkje moderne digitale løysingar. Det samla arealet som vert nytta til utstillingar er òg noko mindre i det nye senteret.

Senteret har ope frå 1. mai til 1. oktober. I høgsesongen har 'brepubane' på fredagen med levande musikk vore mykje besøkte. Senteret er eit fast møtepunkt både for førarar og andre tilsette i reiselivsnæringa om sommaren og bygdefolk elles.

Etter ei refinansiering i 1990-åra har senteret vore eigd og drive av Breheimsenteret AS, som har ni lokale eigarar. Styreleiar i ei årrekkje har vore Svein Norberg, og dagleg leiar sidan kring 1994 har vore Peder Kjærvik. Breheimsenteret har heile tida vore ein viktig sommararbeidsplass for ungdom frå Jostedalen med 10-12 tilsette i høgsesongen.

Breheimsenteret fekk i juni 2013 utmerkinga "Året bedrift" av Luster kommune.

Bakgrunnsstoff