Breifonn (Fyresdal): Forskjell mellom sideversjoner
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 17: | Linje 17: | ||
* [[Bendik Gjermundson Veum|Veum, Bendik]]: ''Festskrift for Fyresdal Handelslag 1871-1931'' J. A. Kroghs Boktrykkeri. Skien 1931 | * [[Bendik Gjermundson Veum|Veum, Bendik]]: ''Festskrift for Fyresdal Handelslag 1871-1931'' J. A. Kroghs Boktrykkeri. Skien 1931 | ||
[[Kategori: | [[Kategori:Næringsbygg]] | ||
[[Kategori:Fyresdal kommune]] | [[Kategori:Fyresdal kommune]] | ||
[[Kategori:Landhandel]] | [[Kategori:Landhandel]] | ||
{{nn}} | {{nn}} |
Nåværende revisjon fra 14. jun. 2023 kl. 08:42
Breifonn er namnet på bygningen som ligg i Skippergata 2 i Folkestadbyen i Fyresdal kommune. Bygningen låg i Folkestadgata 24 og vart i 1877 overteke av Fyresdal Handelslag ved makeskifte av hus med skreddar Tarjei Sundsli. Forbruksforeininga i Fyresdal, som vart stifta i 1871, nytta bygningen som forretningsbygg fram til 1905. Då vart bygningen flytta bakover i Skippergata til Breifonn og nytta som smie av Lars Folkestad.
Guro Folkestad lot i 1927 sonen Lars Knutson leige eit jordstykke kalla Breifonn på Folkestad (Fyresdal gnr. 37/5) for 10 kroner årleg. Her fekk Lars seg hus og dreiv som smed og gråsteinsmurar.
Biletgalleri
Breifonn sett frå Skippergata i 2020. Ein del ombygd etter flyttinga i 1905. Foto: Olav Momrak-Haugan
Kjelder og til utdjupande lesnad
- Lauvdal, Hans Andor: Skippergata i Fyresdal. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi" 1990 Fyresdal Sogelag, s. 11, 14.
- Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
- Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009. s. 5-34.
- Veum, Bendik: Festskrift for Fyresdal Handelslag 1871-1931 J. A. Kroghs Boktrykkeri. Skien 1931