Budstikken: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
(Lenke til Nettbiblioteket)
Linje 5: Linje 5:
Eit vanleg nummer av ''Budstikken'' var fire sider langt, men fleire utgåver var òg på åtte. Historikaren Sindre Fjeld syner i masteroppgåva ''Budstikken – En propagandaavis?'' at stoffet var svært regimelojalt, og at det tidvis var prenta direkte formaningar overfor innbyggjarane og tekstar som skulle byggja opp om folk si haldning til styresmakta. Fjeld undersøkte det fyrste prenteåret åt tidsskriftet, og viser at det elles vart prenta mykje stoff om den pågåande [[Napoleonskrigen]], gjerne i form av reine offisielle rapportar, og informasjon om private donasjonar til soldatar.<ref> Sindre Fjeld, side 24-55.</ref> I perioden under Regjeringskommisjonen fungerte avisa såleis som eit reint propagandainstrument for statsmakta.<ref>Sindre Fjeld, side 108-111.</ref>

I 1809 tok Selskabet for Norges Vel over tidsskriftet, men også under dei heldt den regimelojale lina fram.<ref>Øystein Idsø Viken, side 89.</ref> Ei sak klarte dei riktignok å organisere i strid med kva styresmaktane ynska, nemleg universitetssaka: Gjennom fleire utgåver i åra 1811 og 1812 presenterte ''Budstikken'' namn på over 3200 nordmenn som gav pengar til å opprette eit norsk universitet.
I 1809 tok Selskabet for Norges Vel over tidsskriftet, men også under dei heldt den regimelojale lina fram.<ref>Øystein Idsø Viken, side 89.</ref> Ei sak klarte dei riktignok å organisere i strid med kva styresmaktane ynskte, nemleg universitetssaka: Gjennom fleire utgåver i åra 1811 og 1812 presenterte ''Budstikken'' namn på over 3200 nordmenn som gav pengar til å opprette eit norsk universitet.
 
== På Nettbiblioteket ==
* [https://www.nb.no/search?mediatype=aviser&sort=dateasc&series=%22Budstikken%20(Oslo:%201808-14)%22 Budstikken 1808–1814.]

== Fotnotar ==
== Fotnotar ==

Sideversjonen fra 25. mai 2022 kl. 08:40

Se også budstikke.

Budstikken var ei norsk avis som kom ut i Christiania frå 14. april 1808 til 1814. Avisa vart skipa av Regjeringskommisjonen, men vart i 1810 overtatt av Selskabet for Norges Vel. Enevold de Falsen (1755-1808), som var medlem av kommisjonen, stod for skipinga i samarbeid med pressepioneren Niels Wulfsberg (1775-1852). Falsen var òg redaktør for avisa fram til han døde i november 1808, den som overtok ansvaret var Ludvig Stoud Platou (1778-1833), overlærar ved Katedralskulen i Christiania.

Innhald

Eit vanleg nummer av Budstikken var fire sider langt, men fleire utgåver var òg på åtte. Historikaren Sindre Fjeld syner i masteroppgåva Budstikken – En propagandaavis? at stoffet var svært regimelojalt, og at det tidvis var prenta direkte formaningar overfor innbyggjarane og tekstar som skulle byggja opp om folk si haldning til styresmakta. Fjeld undersøkte det fyrste prenteåret åt tidsskriftet, og viser at det elles vart prenta mykje stoff om den pågåande Napoleonskrigen, gjerne i form av reine offisielle rapportar, og informasjon om private donasjonar til soldatar.[1] I perioden under Regjeringskommisjonen fungerte avisa såleis som eit reint propagandainstrument for statsmakta.[2]

I 1809 tok Selskabet for Norges Vel over tidsskriftet, men også under dei heldt den regimelojale lina fram.[3] Ei sak klarte dei riktignok å organisere i strid med kva styresmaktane ynskte, nemleg universitetssaka: Gjennom fleire utgåver i åra 1811 og 1812 presenterte Budstikken namn på over 3200 nordmenn som gav pengar til å opprette eit norsk universitet.

På Nettbiblioteket

Fotnotar

  1. Sindre Fjeld, side 24-55.
  2. Sindre Fjeld, side 108-111.
  3. Øystein Idsø Viken, side 89.

Litteratur