Budstikken

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Se også budstikke.

Budstikken var ei norsk avis som kom ut i Christiania frå 14. april 1808 til 1814. Avisa vart skipa av Regjeringskommisjonen, men vart i 1810 overtatt av Selskabet for Norges Vel. Enevold de Falsen (1755-1808), som var medlem av kommisjonen, stod for skipinga i samarbeid med pressepioneren Niels Wulfsberg (1775-1852). Falsen var òg redaktør for avisa fram til han døde i november 1808, den som overtok ansvaret var Ludvig Stoud Platou (1778-1833), overlærar ved Katedralskulen i Christiania.

Skildring

Eit vanleg nummer av Budstikken var fire sider langt, men fleire utgåver var òg på åtte. Stoffet var svært regimelojalt, og det var tidvis prenta direkte formaningar overfor innbyggjarane og tekstar som skulle byggja opp om folk si haldning til styresmakta. Elles vart det prenta mykje stoff om den pågåande krigen, gjerne i form av reine offisielle rapportar, og informasjon om private donasjonar til soldatar.[1] I perioden under Regjeringskommisjonen fungerte avisa såleis som eit reint propagandainstrument for statsmakta.[2] Òg under Selskabet for Norges Vel heldt den regimelojale lina fram.[3]

Gjennom fleire utgåver i åra 1811 og 1812 presenterte Budstikken namn på over 3200 nordmenn som gav pengar til å opprette eit norsk universitet.

Fotnotar

  1. Sindre Fjeld, side 24-55.
  2. Sindre Fjeld, side 108-111.
  3. Øystein Idsø Viken, side 89.

Litteratur