Budstikken

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. mar. 2015 kl. 12:38 av Aslak Kittelsen (samtale | bidrag) (opprettar - skal tilpasse!)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Budstikken var ei norsk avis som kom ut i Christiania frå 14. april 1808 til 1814. Avisa vart skipa av Regjeringskommisjonen, men vart i 1810 overtatt av Selskabet for Norges Vel. Enevold de Falsen, som var medlem av kommisjonen, var redaktør for avisa fram til sin død i november 1808, då Ludvig Stoud Platou, overlærar ved Katedralskulen i Christiania, overtok ansvaret.

Eit vanleg nummer av Budstikken var fire sider langt, men fleire utgåver var òg på åtte. Stoffet var svært regimelojalt, og det var tidvis prenta direkte formaningar overfor innbyggjarane og tekstar som skulle byggja opp om folk si haldning til styresmakta. Elles vart det prenta mykje stoff om den pågåande krigen, gjerne i form av reine offisielle rapportar, og informasjon om private donasjonar til soldatar.[1] I perioden under Regjeringskommisjonen fungerte avisa såleis som eit reint propagandainstrument for statsmakta.[2] Òg under Selskabet for Norges Vel heldt den regimelojale lina fram.[3]

Referansar


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Budstikken» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.