Byglandsfjorden

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 30. mar. 2015 kl. 08:26 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: '''Byglandsfjorden''' er ein innsjø i Bygland og Evje og Hornnes kommunar i Setesdal. Fjorden er ein del av Otravassdraget, o...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Byglandsfjorden er ein innsjø i Bygland og Evje og Hornnes kommunar i Setesdal. Fjorden er ein del av Otravassdraget, og går fra Ose i nord til Vassenden i sør. Han har eit areal på 32,79 km². Den øvre delen av fjorden, nord for Storstraumen, kallast også Åraksfjorden, medan den sørlegaste delen kallast Årdalsfjorden. Åraksfjorden har også dei to armane Bjåfjorden og Sandnesfjorden.

I 1867 vart det sett i gang trafikk med dampbåt på Byglandsfjorden. På somrane går no dampbåten D/S «Bjoren» i rute mellom Byglandsfjord og Ose, og er den einaste vedfyrte passasjerdampbåten som framleis er i rutetrafikk. I dag går transporten langs fjorden for det meste på riksveg 9, som ligg på austsida.

Byglandsfjorden har ein stadeigen laksefisk, byglandsfjordbleke. I 1970-åra døydde arten nesten ut på grunn av sur nedbør, og det har sidan vore naudsynt med utsetting av fisk for å redde han.

Kjelder

Koordinater: 58.67328° N 7.80291° Ø