Christi Brandser

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 20. feb. 2017 kl. 16:57 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Mellomlagring)
Hopp til navigering Hopp til søk

Christi Brandser (fødd 1861 i Skjåk, død 1931 truleg i Heidal i nåverande Sel kommune) var lærar og gardbrukar. Førenamnet er stundom skrive Christie, Kristie og somme stader truleg mistydd som Kristen.

Han var fødd og oppvaksen på garden Nørdre Brandsar i Skjåk. Foreldra var gardbrukarparet Hans Kristen Hansen på Brandsar(1830-1865) og Margrete Erlandsdotter frå Kvåle (1827-1907). Christi hadde tre brør. Den eine, Erland (f. 1855) vart i likskap med Christi lærar. Erik (f. 1865) var underoffiser og seinare gardbrukar etter foreldra. Eldste broren, Hans (f. 1852) er i folketeljinga 1875 registrert som «sygevogter» ved garnisonssjukehuset i Kristiania.

Christi gifta seg 8. januar 1897 med Gonetta Marie Olsdotter Faukstad, f. 1863 på Landgård i Øyer.[1]

Gjennomgådde kjelder viser ikkje kvar Christi hadde lærarutdanninga si frå, og opplysningane om hans lærarkarriere er også noko mangelfulle. Han var lærar på eit framhaldsskulekurs på Søre Hyrve i Skjåk i 1893, og fekk det året skipa det fyrste frilynde ungdomslaget i Skjåk, U.L. Bergtorskvål.[2] I 1900 var han folkeskulelærar ved Gjulum skule i Rakkestad. Tok Sygard Faukstad, gnr. 194-5 i Heidal, på odel i 1910, laut gå frå hovudbølet og flytte truleg då til Nedre Faukstad, gnr. 194-9, i 1917. Nedre hadde dei òg teke på odel i 1910, kor budde dei fyrst? Sonen Kristian tok over Faukstad saman med systera Magna, som sidan kom til Tolstad på Lalm.

Referansar

  1. Slektsforum Dis Norge.
  2. Hosar, Hans P. 1998:387.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!