Christi Brandser

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Christi Brandser
Foto: Ukjent/Skjåk historielag.

Christi Brandser (fødd 1861 i Skjåk, død 1931 i Heidal i nåverande Sel kommune) var lærar og gardbrukar. Han var også ein ivrig amatørfotograf, og dessutan kjend som oppfinnar. Førenamnet er stundom skrive Christie, Kristie og somme stader mistydd som Kristen.

Bakgrunn og familie

Han var fødd og oppvaksen på garden Nørdre Brandsar i Skjåk. Foreldra var gardbrukarparet Kristen Hansen på Brandsar (1830-1865) og Margrete Erlandsdotter frå Sygard Kvåle (1827-1907). Christi hadde tre brør. Den eine, Erland (f. 1855), vart i likskap med Christi lærar. Erik (f. 1865) var underoffiser og seinare gardbrukar etter foreldra. Eldste broren, Hans (f. 1852), er i folketeljinga 1875[1] registrert som «sygevogter» ved garnisonssjukehuset i Kristiania. Han dreiv sidan ymse forretningsverksemd i Kristiania, mellom anna hotelldrift, men flytta seinare i livet attende til Skjåk, der han kjøpte småbruket Hull (Nørdre Lykreholet).

Christi gifta seg 8. januar 1897 med Gonetta Marie Olsdotter Faukstad (fødd 1863). I folketeljingane 1900 og 1910 er den oppgjevne fødestaden hennar Heidal. Men i eit innlegg på Dis Norges slektsforum er det nemnt at ho var fødd på Landgård i Øyer.[2] Dei to fekk sonen Kristian (fødd i Vågå 1897) og dottera Magna Kristine (fødd i Rakkestad 1898).

Lærargjerning og bustader

Gjennomgådde kjelder viser ikkje kvar Christi hadde lærarutdanninga si frå, og opplysningane om hans tidlege yrkesår som lærar er også mangelfulle. Han var lærar på eit framhaldsskulekurs på Søre Hyrve i Skjåk i 1893, og fekk det året skipa det fyrste frilynde ungdomslaget i Skjåk, U.L. Bergtorskvål.[3] I tidsrommet 1898-1911 var han folkeskulelærar i Rakkestad. I folketeljingane både for 1900 og 1910 bur familien på Gjulum skule der.[4] I 1910 tok kona att på odel gardsbruka Sygard Faukstad (gnr. 194.) og Nedre Faukstad (gnr. 194.9) i Heidal, og Christi fekk lærarstilling der i bygda. Dei måtte visstnok gå frå Sygard att, og budde og dreiv deretter Nedre Faukstad, der sonen Kristian følgde etter som gardbrukar.[5]

Oppfinnaren

Brandsers patenterte skulepult.
Foto: Ukjent (Chr. Brandser?)/Skjåk Historielags fotosamling.

I ettertid i Heidal har Christi Brandser vore minst like godt hugsa som fotograf og oppfinnar som lærar. Ein reportasje om Brandser i lokalavis Gudbrandsdølen 1924 har overskrifta «En opfinder fra Heidal. Cykelfabrikant Chr. Brandser». Blant oppfinningane som nemnest der er ein travkøyrarsulky med regulerbar sporvidde, ein snøskovl som kan påmonterast bilar for å hjelpe dei fram på snødekt veg, snøplog, ei festeordning for kuband som gjer det lettare å løyse krøter frå båsen f.ek. ved brann. Journalisten fekk også sjå ein modell til ein motor som kan drivast av bølgjekraft og tidevatn og ein også ein annan havstraumsmotor.

Det er på det reine at Brandser hadde teke patent på oppfinningar. Gjennomgådde kjelder opplyser ikkje kva oppfinningar eller kor mange, og heller ikkje om dei vart tekne i praktisk bruk.

Skjåk Historielag har nær 400 glasplater etter Christi Brandser si verksemd som amatørfotograf.


Referansar

  1. Hans Christensen, Brandser nordre i folketeljinga 1875 for Skjåk frå Digitalarkivet
  2. Slektsforum Dis Norge.
  3. Hosar, Hans P. 1998:387.
  4. Christi Brandser i folketeljinga 1900 for Rakkestad frå Digitalarkivet og Christi Brandser i folketeljinga 1910 for Rakkestad frå Digitalarkivet.
  5. Norske gardsbruk bd. 10:348, Oslo 1953.

Kjelder og litteratur

  • Christi Brandser i Historisk befolkningsregister.
  • Digitalarkivet: Folketeljingar for Skjåk 1865, 1875, 1900.
  • Digitalarkivet: Folketeljinga for Rakkestad 1900.
  • Gudbrandsdølen, reportasje om oppfinnaren Brandser 11.11.1924.
  • Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok bd. 3. Historia 1798-1914. Skjåk kommune 1998.
  • Norske gardsbruk bd. 10, Oppland fylke 2, Gudbrandsdalen bd. 1. Oslo 1953.
  • Ættebok for Skjåk bd. I side 20-21, jf s 213 og 241.