Christian Bøbak: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(→‎Litteratur: FT-lenke)
(→‎Familie: opplysning frå 1900-teljinga)
Linje 4: Linje 4:
== Familie ==
== Familie ==


Han var son av Haldor Randen og Kari Bøbak. Christian Bøbak vart i 1920 gift med Magda Gauffin, og dei fekk tre søner og to døtrer.
Han vaks opp på gardsbruket Bøbakken i Lesja, som son av Haldor Randen og Kari Bøbak. Faren dreiv som tømrar og gardbrukar.
 
Christian Bøbak vart i 1920 gift med Magda Gauffin, og dei fekk tre søner og to døtrer.


== Virke ==
== Virke ==

Sideversjonen fra 23. apr. 2014 kl. 09:57

Magda og Christian Bøbak
Foto: Christian Bøbak

Christian Bøbak (fødd 2. januar 1891Bøbakken i Lesja, død 29. desember 1955 i Bergen) var ein landskjent fotograf. «Mange har regnet Bøbak som en av landets, kanskje Skandinavias fremste portrettfotografer» står det i omtalen av han på Nasjonalbibliotekets oversyn over fotografar i Noreg. Fotohistorikaren Roger Erlandsen lister Bøbak som nr 2 blant 8 sentrale norske portrettfotografar i det han kallar «portrettets gullalder» (tida kring første verdskrigen). Kristian Hosar har referert den mangeårige formannen i Norges Fotografforbund, H. Johnsrud: «Hans portretter, representerer i utpreget grad fotografiets absolutte virkelighet. Han viser for oss mennesket, uretusjert og i all sin opprinnelighet, uten forloren pynt.» Bøbak arbeidde lengst i Bergen.

Familie

Han vaks opp på gardsbruket Bøbakken i Lesja, som son av Haldor Randen og Kari Bøbak. Faren dreiv som tømrar og gardbrukar.

Christian Bøbak vart i 1920 gift med Magda Gauffin, og dei fekk tre søner og to døtrer.

Virke

Bøbak gjekk i lære hos fotograf Hans H. LieVinstra truleg rett etter han var konfirmert og dreiv deretter som bygdefotograf i Lesja og Dovre fram til 1914 da han reiste til Kristiansund, der han tre år seinare tok svenneprøva og starta eigen forretning.

I 1924 flytta Christian Bøbak til Bergen med familien på grunn av dårlege tider i Kristiansund. I Bergen styrte han fyrst Norlands fotoforretning før han i 1928 etablerte Fotograf Bøbak A/STorvalmenningen sentralt i bybildet. Han arbeidde arbeidde i forretningen til 1953, to år før han døydde. I 1945 overtok slektningen K. Krogsæther firmaet, som var i drift til 1974.

Bøbak deltok og vart premiert i mange nasjonale og internasjonale fotoutstillingar. Bildet av mora Kari da ho var 80 år er mellom dei som har fått fleire medaljar. I alt fekk Bøbak seks sølvmedaljar, 3 bronsemedaljar og Landsforeningens gullmedalje. Han var òg aktiv i organisasjonsarbeid, m.a. som redaktør av Norsk Fotografisk Tidsskrift frå 1933 til 1942.

Bøbak hadde den felles kundeprotokollen som bergensfotografane førte etter brannen i 1916, då alle (unnateke Svanøe, K. Knudsen og H. Nilsen) mista ateliera, platesamlingane og protokollane sine. Nokre av Bøbak sine negativ vart i 1974 overteke av UBB. Ein del av det fotografiske utstyret og arkivet vart gjeve til Gamle Bergen Museum av Krogsæther.

Sjå òg:

Kjelder og litteratur

  • Erlandsen, Roger 2000: Pas nu paa! Nu tar jeg fra Hullet! Om fotografiens første hundre år i Norge – 1839–1940. Forlaget Inter-View i samarbeid med Norges Fotografforbund.
  • Hosar, Kristian 1979: Fotografmesteren fra Lesja. Gudbrandsdølens julenummer.
  • Kjelland, Arnfinn 2008: Christian Bøbak – frå bygdefotograf til nasjonalt kjent portrettfotograf. I Arnfinn Kjelland og Tor Einbu [] 2008: Bygdebok for Lesja bd. 4. Foto og fotografering i Lesja og av lesjingar 1850-1950 s. 229-232.
  • Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
  • Christian Bøbak på Digitalt museum.
  • Christian Bøbak på KulturNav
  • Mal:Folketelling person