Christian Bøbak

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Magda og Christian Bøbak.
Foto: Christian Bøbak

Christian Bøbak (fødd 2. januar 1891Bøbakken i Bøgrende i Lesja, død 29. desember 1955 i Bergen) var ein landskjent fotograf. «Mange har regnet Bøbak som en av landets, kanskje Skandinavias fremste portrettfotografer» står det i omtalen av han på Nasjonalbibliotekets oversyn over fotografar i Noreg. Fotohistorikaren Roger Erlandsen lister Bøbak som nr. 2 blant 8 sentrale norske portrettfotografar i det han kallar «portrettets gullalder» (tida kring første verdskrigen). Kristian Hosar har referert den mangeårige formannen i Norges Fotografforbund, H. Johnsrud: «Hans portretter, representerer i utpreget grad fotografiets absolutte virkelighet. Han viser for oss mennesket, uretusjert og i all sin opprinnelighet, uten forloren pynt.» Bøbak arbeidde lengst i Bergen.

Familie

Premiert bilde av Kari Bøbak
Foto: Christian Bøbak

Christian vaks opp på Bøbakken. Han var son av Haldor Randen (1867-1958) og Kari Bøbak (1856-1952). Faren dreiv som tømrar og gardbrukar. Morsslekta på Bøbakken var evnerik; ein onkel av han var bilethoggaren Paul K. Bø som mellom anna var med på utsmykkinga av Nidarosdomen under arkitekt Christian Christie fyrst i 1880-åra. Eit syskenbarn, Kathlyn Williams, vart stumfilmstjerne i Amerika i 1920-åra. Morfaren, Kristen, var sjølvlært dokter og «dyrlege».

Christian Bøbak vart i 1920 gift med Magda J. Gauffin frå Sundsvall i Sverige (1896-1993), og dei fekk tre søner og tre døtrer. Ei dotter, Agnes Vesslemor, døde som barn og dei to andre, Kirsten og Ellen, budde hos syster til Christian i fleire år på 1940-talet.

Virke

Bøbak gjekk i lære hos fotograf Hans H. LieVinstra truleg rett etter han var konfirmert og i alle fall i 1910. Deretter dreiv han som bygdefotograf i Lesja og Dovre fram til 1914 da han reiste til Kristiansund, der han tre år seinare tok svenneprøva og starta eiga forretning.

I 1924 flytta Christian Bøbak til Bergen med familien på grunn av dårlege tider i Kristiansund. I Bergen styrte han fyrst Norlands fotoforretning før han i 1928 etablerte Fotograf Bøbak A/STorvalmenningen sentralt i bybildet. Han arbeidde arbeidde i forretningen til 1953, to år før han døydde. I 1945 overtok slektningen Karstein Krogsæther firmaet, som var i drift til 1974.

Bøbak deltok og vart premiert i mange nasjonale og internasjonale fotoutstillingar. Bildet av mora Kari da ho var 80 år er mellom dei som har fått fleire medaljar. I alt fekk Bøbak seks sølvmedaljar, 3 bronsemedaljar og Landsforeningens gullmedalje. Han var òg aktiv i organisasjonsarbeid, m.a. som redaktør av Norsk Fotografisk Tidsskrift frå 1933 til 1942.

Bøbak hadde den felles kundeprotokollen som bergensfotografane førte etter brannen i 1916, då alle (unnateke Svanøe, K. Knudsen og H. Nilsen) mista ateliera, platesamlingane og protokollane sine. Nokre av Bøbak sine negativ vart i 1974 overteke av UBB. Ein del av det fotografiske utstyret og arkivet vart gjeve til Gamle Bergen Museum av Krogsæther.

Sjå òg:

Kjelder og litteratur

Eksterne lenker