Christian Bastholm Heltberg: Forskjell mellom sideversjoner
(→Nesset og Romedal: utnemn-dato Nesset) |
(→Prest i Jostedalen: detaljar om ordf-perioden) |
||
Linje 4: | Linje 4: | ||
2. august 1846 heldt Heltberg si fyrste gudsteneste i [[Jostedal kyrkje]] etter å ha vorte utnemnd til sokneprest i [[Jostedal|Jostedalen]] 29. november 1845.<ref>Kallsboka, fol. 33b. Lampe 1896, s. 6, og Øyane 1994, s. 336, skriv at han vart utnemnd 29.10.1845</ref> I Heltberg si tid vart dei økonomiske tilhøva i sokneprestembetet mykje ordna. Heltberg fekk gardbrukarane til å binde seg og etterkomarane til å betale smørtienda in natura, ikkje i pengar slik det hadde vore sidan 1802 i forliket som presten [[Johan Henrik Lind]] fekk i stand. Viktigare var det likevel at ein kongeleg resolusjon 22. april 1852 slo fast at soknepresten årleg skulle motta 200 spesidalar frå [[Opplysningsvesenets fond]]. Prosten i Indre Sogn, som var sokneprest i [[Aurland]], medverka kraftig til å få denne ordninga i stand.<ref>Kallsboka, fol. 33b, jf. Øvregard 2010, s. 185-186</ref> | 2. august 1846 heldt Heltberg si fyrste gudsteneste i [[Jostedal kyrkje]] etter å ha vorte utnemnd til sokneprest i [[Jostedal|Jostedalen]] 29. november 1845.<ref>Kallsboka, fol. 33b. Lampe 1896, s. 6, og Øyane 1994, s. 336, skriv at han vart utnemnd 29.10.1845</ref> I Heltberg si tid vart dei økonomiske tilhøva i sokneprestembetet mykje ordna. Heltberg fekk gardbrukarane til å binde seg og etterkomarane til å betale smørtienda in natura, ikkje i pengar slik det hadde vore sidan 1802 i forliket som presten [[Johan Henrik Lind]] fekk i stand. Viktigare var det likevel at ein kongeleg resolusjon 22. april 1852 slo fast at soknepresten årleg skulle motta 200 spesidalar frå [[Opplysningsvesenets fond]]. Prosten i Indre Sogn, som var sokneprest i [[Aurland]], medverka kraftig til å få denne ordninga i stand.<ref>Kallsboka, fol. 33b, jf. Øvregard 2010, s. 185-186</ref> | ||
Som dei to forgjengarane var Heltberg [[Ordførarar i Jostedal kommune|ordførar i Jostedalen]], | Som dei to forgjengarane var Heltberg [[Ordførarar i Jostedal kommune|ordførar i Jostedalen]]. Han avløyste [[Lars Tøgerson Kronen]] i det ordinære ordførarvalet 20. januar 1847 og vart attvalt så lenge han var i bygda, siste gongen 8. januar 1853. Men berre ein månad etter fekk han eit nytt prestekall, og 13. juni 1853 overtok viseordførar [[Johannes Halvorson Vamberg]] ordførarvervet.<ref>Jostedal kommune. Møtebok for formannskap og kommunestyre (1838-1875), fol. 38a, 49a, 61b, 72b og 74b ([http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=result&db=dbdokarkivdokument&ptype=single&sql=LOWER%28signatur%29+LIKE+%27sffda%2D100064%25%27+ORDER+BY+signatur Digital utgåva], Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)</ref> | ||
Gardbrukar og formannskapsmedlem [[Anders Andersson Haugen]] møtte som setjeordførar på amtsformannskapet sommaren 1850 fordi Heltberg var oppteken med [[Visitasar i Jostedalen|bispevisitasen]] 4. august same året. | |||
==Nesset og Romedal== | ==Nesset og Romedal== |
Sideversjonen fra 10. mai 2011 kl. 08:22
Christian Bastholm Heltberg (fødd 26. juli 1809 i Bjørnør, Sør-Trøndelag, død 17. oktober 1871 i Romedal) vart student i 1830 og tok teologisk embetseksamen 15. september 1836. Heltberg vart utnemnd til personleg kapellan i Stange 30. mars 1836.
Prest i Jostedalen
2. august 1846 heldt Heltberg si fyrste gudsteneste i Jostedal kyrkje etter å ha vorte utnemnd til sokneprest i Jostedalen 29. november 1845.[1] I Heltberg si tid vart dei økonomiske tilhøva i sokneprestembetet mykje ordna. Heltberg fekk gardbrukarane til å binde seg og etterkomarane til å betale smørtienda in natura, ikkje i pengar slik det hadde vore sidan 1802 i forliket som presten Johan Henrik Lind fekk i stand. Viktigare var det likevel at ein kongeleg resolusjon 22. april 1852 slo fast at soknepresten årleg skulle motta 200 spesidalar frå Opplysningsvesenets fond. Prosten i Indre Sogn, som var sokneprest i Aurland, medverka kraftig til å få denne ordninga i stand.[2]
Som dei to forgjengarane var Heltberg ordførar i Jostedalen. Han avløyste Lars Tøgerson Kronen i det ordinære ordførarvalet 20. januar 1847 og vart attvalt så lenge han var i bygda, siste gongen 8. januar 1853. Men berre ein månad etter fekk han eit nytt prestekall, og 13. juni 1853 overtok viseordførar Johannes Halvorson Vamberg ordførarvervet.[3]
Gardbrukar og formannskapsmedlem Anders Andersson Haugen møtte som setjeordførar på amtsformannskapet sommaren 1850 fordi Heltberg var oppteken med bispevisitasen 4. august same året.
Nesset og Romedal
Heltberg heldt avskilstala si i Jostedalen 10. juli 1853 etter å ha vorte utnemnd til sokneprest i Nesset 8. februar same året. 29. september 1858 vart han òg prost i Romsdal prosti. 14. mai 1864 vart han så sokneprest i Romedal der han budde resten av livet.
Notar
- ↑ Kallsboka, fol. 33b. Lampe 1896, s. 6, og Øyane 1994, s. 336, skriv at han vart utnemnd 29.10.1845
- ↑ Kallsboka, fol. 33b, jf. Øvregard 2010, s. 185-186
- ↑ Jostedal kommune. Møtebok for formannskap og kommunestyre (1838-1875), fol. 38a, 49a, 61b, 72b og 74b (Digital utgåva, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)
Litteratur
- Kalds-Bog for Justedals Præstegjæld begyndt 1830, Kyrkjekontoret i Luster. (digital utgåve, Jostedal historielag)
- Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer. (digital utgåve, Digitalarkivet)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. (digital utgåve, NBdigital)
- Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.
Forgjengar: Michael Sundt Tuchsen Fasting |
Prestar i Jostedalen |
Etterfølgjar: Ole Christian Rasch |
Forgjengar: Lars Tøgerson Kronen |
Ordførarar i Jostedal kommune |
Etterfølgjar: Johannes Halvorson Vamberg |