Dave Johnson

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 15. mai 2011 kl. 05:32 av Oddloho (samtale | bidrag) (Trulovarar + ref giftarmål)
Hopp til navigering Hopp til søk

Dave Johnson (David Johnson/Johnsen Kruna) (døypt 12. november 1815,[1] død 31. mars 1852) var husmann og innerst i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han var frå ein av husmannsplassane på Gjerde under Hellegård.

Foreldra var husmann John Andersson Gjerde (1877-1844), opphavleg frå Utvik i Nordfjord, og Ingeborg Maria Davidsdotter (1773-1846) frå plassen Bøen under Berge i Dale i Luster. Dei var innerstfolk på Grov, plassfolk på Baggetun under Haugen og paktarar på Jostedal prestegard før dei i 1804 fekk hand om den eine husmannsplassen på Gjerde. Dave og tvillingsystera Ingrid var dei to yngste i ein syskenflokk på 10 der alle voks opp.

Dave gifte seg 7. juli 1845 med Cecilia Pedersdotter (1816-1880) frå Bergheim i Luster. Han vert oppgjeven å vera "Ungkarl og Tjener", ho "Pige". Trulovarane til Dave var "Anders Andersson Hougen" og "John Andersson Hougen", som truleg er brørne Anders A. Haugen og John A. Haugen.[2]

I 1845 fekk dei hand om Daveplassen under Kruna. Her budde dei då eit stort snøskred tok plassen tidleg om morgonen 27. januar 1849. Dave sjølv vart "aldeles lemlæstet, og ligger paa Sygeleiet under de største Lidelser." Om Cecilia heiter det at det "ene Been bled sønderknust". Det eldste bornet var "næsten uskadt". Det yngste (2 år) vart funne etter to timar, ein alen under snøen, og var då "stivt og som dødt, men bragtes til Live". Alt dei åtte gjekk tapt unnateke ei kyr som vart ført langt bort av skredet, men vart funne ståande uskadd oppå snømassane. To veker etter (9. februar) hadde det endå ikkje vore mogleg å skaffe legehjelp fordi dei store snøfalla hadde gjort all ferdselen inn og ut av Jostedalen umogleg.[3]

Daveplassen vart aldri bygt opp att, og frå 1849 var Dave og Cecilia innerstfolk på Gjerde og Flatejordi. Her fekk dei to born til. Dette vart eit liv i djup fattigdom der Dave og Cecilia dels måtte tigge for å greie seg.

Men ulukkene var ikkje slutt med dette. Den 31. mars 1852 døydde Dave då han og ein annan kar skulle ta seg over Jostedalsbreen. Han fall ned i ein snødekt bresprekk og døydde truleg momentant av hovudskadar. Turkameraten tok seg ned att til folk og fekk henta hjelp, og ein dramatisk redningsaksjon vart sett i gang. To av dei seks redningsmannskapa vart fira 43 alen (17 m) ned i bresprekken. Der fann dei etter ei tid den omkomne. Nedstigninga blir i ei melding omtala som "forbunden med stor Fare" på grunn av "den overhængende betydelige Snebred" som truga med å rase over dei. Det er ikkje kjent kva ærend Dave var ute i, eller kvar ulukka var.[4]

Cecilia sat no att med tre born på 8, 6 og 3 år. Den fyrste tida skal ho ha fått hjelp i Jostedalen, men etter kvart flytte ho til Hafslo der ho vart buande resten av livet.

Dei fire borna var:

Born av Cecilia og husmann Andreas Nitter (1808-1854) frå Garsendteigen under Nedrelid:[5]

  • Øllegaard (Julia) Andersdotter (1841-1908), utvandra til Amerika

Borna til Cecilia og Dave:

  • Nils Davidson (f. 1844), vart skomakarsvein i Egersund, lagnaden hans er ukjend
  • Ingeborg Davidsdotter (1846-1916), gardbrukarkone på Kjos i Hafslo
  • Britha Davidsdotter (fødd 1849), utvandra til Amerika, lagnaden hennar er ukjend

Notar

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 811-12 og 834. (Digital utgåve, NBdigital)