Dave Johnson

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Dave Johnson (David Johnson/Johnsen Kruna) (døypt 12. november 1815,[1] død 31. mars 1852) var husmann og innerst i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han var frå ein av husmannsplassane på Gjerde under Hellegård. Dave vart alvorleg skadd i ei skredulukke før han tre år seinare omkom i ei ulukke på breen.

Foreldre

Foreldra var husmann John Andersson Gjerde (1877-1844), opphavleg frå Utvik i Nordfjord, og Ingeborg Maria Davidsdotter (1773-1846) frå plassen Bøen under Berge i Dale i Luster. Dei var innerstfolk på Grov, plassfolk på Baggetun under Haugen og paktarar på Jostedal prestegard før dei i 1804 fekk hand om den eine husmannsplassen på Gjerde. Dave og tvillingsystera Ingrid var dei to yngste i ein syskenflokk på 10 der alle voks opp.

Viktige hendingar i familien 1844-46

Lite er kjent om kva Dave tok seg til før han var kring 30 år. Men åra 1844-46 vart hendingsrike for han. Den 3. juni 1844 fekk han sonen Nils med Cecilia Pedersdotter (1816-1880) frå Bergheim i Luster.[2] I 1841 hadde dei fått kvart sitt barn med andre partnerar. I desember 1844 døydde fyrst faren John (68 år) av "nervefeber" og fire veker seinare storebroren Anders Johnson (47 år), som var husmann i Sperla.[3] Den 7. juli 1845 gifte så Dave og Cecilia seg, same året som dei fekk hand om Daveplassen under Kruna. I februar 1846 døydde Dave si mor Ingeborg (74 år),[4], og i november same året fekk Dave og Cecilia dottera Ingeborg.

Då dei gifte seg i 1845, vert Dave oppgjeven å vere "Tjener". Trulovarane til Dave var "Anders Andersson Hougen" og "John Andersson Hougen", som truleg er brørne Anders A. Haugen og John A. Haugen.[5]

Skredulukka på Daveplassen 1849

Livet til Dave og Cecilia på Daveplassen skulle få ein dramatisk ende. Eit stort snøskred tok plassen tidleg om morgonen laurdag 27. januar 1849. Dave sjølv vart "aldeles lemlæstet, og ligger paa Sygeleiet under de største Lidelser." Om Cecilia heiter det at det "ene Been bled sønderknust". Det eldste bornet, som må ha vore Nils, var "næsten uskadt". Det yngste på 2 år (må ha vore Ingeborg) vart funne etter to timar, ein alen (63 cm) under snøen, og var då "stivt og som dødt, men bragtes til Live". Alt dei åtte gjekk tapt unnateke ei kyr som vart ført langt bort av skredet, men vart funne ståande uskadd oppå snømassane. To veker etter (9. februar) hadde det endå ikkje vore mogleg å skaffe legehjelp fordi dei store snøfalla hadde gjort all ferdselen inn og ut av Jostedalen umogleg.[6]

Daveplassen vart aldri bygt opp att, og frå 1849 var Dave og Cecilia innerstfolk på Gjerde og Flatejordi. Her fekk dei to born til. Dette vart eit liv i djup fattigdom der Dave og Cecilia dels måtte tigge for å greie seg.[7]

Dødsulukka på breen 1852

Men ulukkene var ikkje slutt med dette. Onsdag 31. mars 1852 døydde Dave då han og ein annan kar skulle ta seg over Jostedalsbreen. Han fall ned i ein snødekt bresprekk og døydde truleg momentant av hovudskadar. Turkameraten tok seg ned att til folk og fekk henta hjelp, og ein dramatisk redningsaksjon vart sett i gang. To av dei seks redningsmannskapa vart fira 43 alen (17 m) ned i bresprekken. Der fann dei etter ei tid den omkomne. Nedstigninga blir i ei melding omtala som "forbunden med stor Fare" på grunn av "den overhængende betydelige Snebred" som truga med å rase over dei. Det er ikkje kjent kva ærend Dave var ute i, kvar ulukka var eller kven han hadde med som reisefølgje.[8]

Cecilia sat no att med tre born på 8, 6 og 3 år. Den fyrste tida skal ho ha fått hjelp i Jostedalen, men etter kvart flytte ho til Hafslo der ho vart buande resten av livet. Ho vert oppgjeven å vere legdelem på Valaker då ho døydde.

Born

Dei fem borna til Dave og Cecilia var:

Born av Dave og Anne Rasmusdotter Sperla (farsskapet oppgjeve av ho):

  • Rasmus (f. 1841)[9]

Born av Cecilia og husmann Andreas Nitter (1808-1854) frå Garsendteigen under Nedrelid:[10]

  • Øllegaard (Julia) Andersdotter (1841-1908), utvandra til Amerika

Borna til Cecilia og Dave:

  • Nils Davidson (f. 1844), vart skomakarsvein i Egersund, lagnaden hans er ukjend
  • Ingeborg Davidsdotter (1846-1916), gardbrukarkone på Kjos i Hafslo
  • Britha Davidsdotter (fødd 1849), utvandra til Amerika, lagnaden hennar er ukjend

Notar

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 811-12 og 834. (Digital utgåve, NBdigital)