Den «Romsdalske hovedvei» gjennom Lesja

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 8. okt. 2021 kl. 13:44 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kongevegen ved Lesjaverk i 2010.
Foto: Arnfinn Kjelland

Den «Romsdalske hovedvei» gjennom Lesja er nok den mest korrekte nemninga på den gamle ålmannvegen som opphavleg gjekk frå TofteDovre over Lesja og Lesjaskogen ned Romsdalen til Veblungsnes. Denne vegen har nok ofte vore kalla «Kongevegen» og den var ein hovudveg mellom Aust- og Vestlandet utbygd som køyreveg for hest og kjerre sist på 1700-talet.

Etter som denne overgangen mellom landsdelane ikkje går over skoggrensa, var traseen betre enn mange andre fjellovergangar lenger sør. Ferdsla over her er derfor sikkert mange hundre år gamal, men samanhengande veg for hjulkøyretøy kom nok ikkje før i siste del av 1700-talet.

Ved vegen ikkje langt frå jernverket ligg elles eit merkeleg naturfenomen, Skåpårtjønne.

Det er ikkje så mange stader gjennom bygda at vegen er synleg lenger. Lengste strekket finn ein nok mellom Mosenden og jernverket. Dette er lagt til rette som sykkel- og fotsti med informasjontavlar. Også eit mindre stykke mellom verket og Knipstugu har denne gamlevegen som sykkelveg.

Lesjaskog gjekk vegen mellom Kyrkjestugu og kyrkjebakken nedanfor Lesjaskog kyrkje og vidare gjennom Lisser.

Kongevegen inngår òg i Kulturminneområdet kring Lesjaskogskyrkja.

Litteratur

  • Kjelland, Arnfinn: Bygdebok for Lesja bd. 1-2, avsnitt om samferdsla i grendehistoriekapittel i kvart bind. På innsida av permane i kvart bind er det utsnitt av «Kart over Postveien fra Gaarden Dombaas i Lessøe i Guldbrandsdalen til Molde og Christiansund. Oppmaalt Aar 1823». Originalen ligg i Riksarkivet.
  • Kleiven, Ivar 1923: Lesja og Dovre s. 84-105.

Bilde frå vegtraseen