Den hellige Birgittas kapell (Tustna)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den hellige Birgittas kapell (Tustna)
23174 St Birgittas kapell (Tustna).jpg
Byggeår: 2007, innvigd 4. juli
Via til: St. Birgitta
Kirkegård: nei
Kirkesamfunn: katolsk
Bispedømme: Trondheim katolske stift
Prestegjeld: St. Eystein menighet (Kristiansund)
Teknikk: lafteverk
Materiale: tre
Sitteplasser: opp til 12 stolar inne
Den hellige Birgittas kapell i Jørnvågen på Tustna.
Foto: Olve Utne

Den hellige Birgittas kapell er eit katolsk kapell vigd til St. Birgitta i JørenvågenTustna i Aure kommuneNordmøre. Kapellet, som er tilknytt Villa Humaniora / LS Holst–NK Larsens Bureau og ligg under St. Eystein meinigheit i Kristiansund, er lafta og vart innvigd av pater Alexandre Semajangwe Polepole den 4. juli 2007.[1] Som altartavle fungerer ei ikontavle som framstiller «Guds Mor med Barn» og som er laga av Solrunn Nes i 2005. Eit relikvie av Maria Elisabetta Hesselblad vart gjeve til kapellet frå Birgittasøstrene i Roma. Det er berre plass til kring tolv stolar inne, men etter inspirasjon frå det litle St. Georgskapellet i Neiden er det lagt opp til bruk av området utafor kapelldøra òg. Der er det ein treplatting innmed to av veggene og eit par enkle «benker» av tømmerstokkar oppetter bakken, slik at det går an å halde utegudstenester med oppimot 100 personar. Det er messe i kapellet omtrent seks gonger i året.

Det er lagt opp enkle «benker» Mal:Utav tømmerstokkar i bakken rett vestom kapellet til bruk ved friluftsgudstenester.
Foto: Olve Utne
Eit birgittakors frå Irland heng ved vindauga på nordveggen i kapellet.
Foto: Olve Utne

Fotnotar

Lenkjer