Didrik Arup

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. jan. 2013 kl. 08:23 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Didrik Arup''' (fødd 30. juni 1835 i Drammen, død 10. januar 1885 i Vestre Slidre) var lærarskulestyrar og prest. Arup var son av biskop og politikar [[Jens Lauritz Ar...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Didrik Arup (fødd 30. juni 1835 i Drammen, død 10. januar 1885 i Vestre Slidre) var lærarskulestyrar og prest.

Arup var son av biskop og politikar Jens Lauritz Arup og Jacobine Lovise Juliane f. Cappelen. Han vart student i 1853 og tok teologisk embetseksamen i desember 1861.

Som 27-åring vart den nyutdanna teologen styrar for den nyskipa Balestrans lærerskole som opna 10. februar 1863. Han var styrar i drygt fire år til han i 1867 vart personleg kapellan hjå soknepresten i Ringsaker. I 1876 vart han tredjeprest med ansvaret for Veldre sokn, og frå 1880 var han sokneprest i Vestre Slidre. Han døydde i 1885, knapt 50 år gamal, og dødsårska vert oppgjeven til Lungebetændelse i kyrkjeboka.

Arup skreiv i 1883 utkast til ei ny katekismeforklaring for allmugeskulen i ei tevling utlyst av Kyrkjedepartementet.

Han var gift med Ragna f. Heffner (f. 1837).

Kjelder og litteratur