Divisjon
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Divisjon, nemning på fleire militæravdelingar, i alle fall to forskjellige taktisk inndelingar i Hæren. Den minste eininga var stort sett tilsvarande kompani, og ser ut til å vere innført i infanteriet ved ekserserreglement av 1704. Da Da vart bataljonen inndelt i seks divisjonar, og kvar divisjon i seks delingar.[1]. Etter krigsavslutninga i 1720 vart bataljonane delte i tre divisjonar a 2 kompani / delingar.[2]. Ved ei omorganisering av Hæren i 1801 vart bataljonane delte i fire divisjonar,[3]. Mannskap frå same kompani vart etter arméplanen av 1810 ved mobilisering fordelte i bataljonar og divisjonar etter bevæpning, grenader-, musketer- og skarpskyttaravdelingar[4].
I artilleriet vart nemninga divisjon nytta om underavdelingar av kompani eller batteri etter det første ekserserreglementet for artilleriet frå 1778, beståande av to kanonar under kommando av ein sersjant.[5]
I 1804-1807 vart kystvernet organisert i distrikt, som vart delt i divisjonar og seksjonar.[6] I 1807-08 vart landvernet òg innkalla og organisert i divisjonar à 150 mann per infanteriregiment nordafjells.[7]
Divisjon vart òg i 1808 nemninga på ei distriktsinndeling i fredstid i Noreg, med tre divisjonar i Danmark og to i Noreg: 1. divisjon (sønnafjeldske) og 2. divisjon (nordafjeldske) under kommando av kvar sin general. Denne generalen skulle ha kommando både over land- og sjøforsvaret i divisjonsdistriktet.[8]
Kjelder
- Bødtker, C.F. 1899: Vore gamle regimentsdistrikter. Norsk Militært Tidsskrift s. 595-620 og 655-676.
- Munthe, C. O. 1906: Uddrag af Norges Krigshistorie til Brug ved Undervisningen paa Krigsskolen. Kristiania.
- Munthe, C. O. 1912: Officersliv og Artilleriforhold i Norge for 150 aar siden. Smaatræk fra militærlivet paa 1700-tallet. Tillægshefte til NOrsk Artilleri-Tidsskrift. Kristiania.
- Munthe, C. O. 1914: Den norske Hær indtil 1814. Kristiania.
- Vaupell, Otto 1876: Den Danske Hærs Historie til Nutiden og den Norske Hærs Historie indtil 1814 bd. II København.