Dovrefjell: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Linje 35: Linje 35:
[[Bilde:Kongsvoll.JPG|thumb|Kongsvoll fjellstugu]]
[[Bilde:Kongsvoll.JPG|thumb|Kongsvoll fjellstugu]]
===Holet===
===Holet===
Holet, eller Gamalholet, låg der øvste enden av Vårstigen kjem ned ved riksvegen i dag. Busetjinga her nok i alle fall frå tidleg 1600-tal. Statusen som fjellstugu er dokumentert frå kring 1670. Fredrik 4. skifta hestar her under ferda i 1704. Kring 1709-10 vart husa i Holet skadde av skred,<ref>Sletbak s. 82-92.</ref> og 2. desember 1718 vart husa altså nedbrende. Dei vart nok i hovudsak oppattbygde nokre km lenger opp i dalen der dei seinare vart kalla Kongsvoll.
===Drivstua===
===Drivstua===



Sideversjonen fra 20. des. 2010 kl. 22:20

Dovrefjell med Fokstua stasjon på Dovrebanen

Dovrefjell (dialektform på sørsida: Doverfjelle' ) er namnet på fjellområdet geografisk avgrensa av elvene Jore i Lesja og Grøvudalselva i Sunndal, Drivadalføret frå Gjøra i Sunndal til Oppdal, frå Oppdal til Innset i Kvikne, Kviknedalføret og Savalen, Grimsdalen og Dovrebygd- og Dombås-dalføret attende til Jore.[1] I eldre litteratur har elles området vore definert større, t.d. av Johan Falkberget som inkluderte Rørosområdet i Dovrefjell.[2]

Namnet er truleg gjeve frå Oppdalssida: fjellet der vegen over til Dovre går. Dovre var nok opphavleg ein opphavsgard nede i dalen, så å nytte nemninga «Dovre» på fjellområdet er eigentleg like meiningslaust som å Fillefjell for «Fille».

Frå gamalt var nok Dovrefjell mest kjent som eit vanskeleg vegstykke å krysse, særleg fordi det er langt og går gjennom verhardt høgfjell. I nyare tid er det meir kjent for rik høgfjellsnatur med store område verna i form av Dovrefjell nasjonalpark og som nasjonalsymbol særleg i form av eidsvollmennenes utsegn da dei hadde avslutta grunnlovsarbeidet med «Enige og troe, indtil Dovre falder!».[3]

Steinalder

Ope for bidrag.

Jernalder - vikingtid

Ope for bidrag.

Mellomalder

Bygging av fjellstuer Elles ope for bidrag.

1500- og 1600-talet

Ope for bidrag.

1700- og 1800-talet

Vegbygging Elles ope for bidrag.

1900-talet

Jernbanebygging: Dovrebanen Nasjonalpark Elles ope for bidrag.

Fjellstuene rekna sørfrå

Fokstugu

Vesle-Hjerkinn

Hjerkinn

Kongsvoll

Kongsvoll fjellstugu

Holet

Holet, eller Gamalholet, låg der øvste enden av Vårstigen kjem ned ved riksvegen i dag. Busetjinga her nok i alle fall frå tidleg 1600-tal. Statusen som fjellstugu er dokumentert frå kring 1670. Fredrik 4. skifta hestar her under ferda i 1704. Kring 1709-10 vart husa i Holet skadde av skred,[4] og 2. desember 1718 vart husa altså nedbrende. Dei vart nok i hovudsak oppattbygde nokre km lenger opp i dalen der dei seinare vart kalla Kongsvoll.

Drivstua

Ferdselsvegar

Fjellvegen frå Rise til Hjerkinn

Denne tok opp ved Rise, på austsida av høgste Risberget, over Jamterbekken i den vestre lia av Vinstradalen mot Stallhøa og Drottningdalen.[5] Vidare gjekk vegen aust for Knutshøa og til Hjerkinn fjellstugu.[6]

Vårstigen

Vårstigen

Vårstigen er namnet på den bratte vegstrekninga frå Holet til Nestasvollen. Drivdalen var trong og vanskeleg å passere, særleg i vårløysinga, så frå gamalt tok ride- og kløvvegen her opp frå dalbotnen og opp i skoggrensa. I samband med at kong Fredrik 4. skulle til Trondheim i 1704 vart det igangsett arbeid for å gjere Vårstigen køyrbar med vogn.

Vegstrekninga er 6230 meter. Breidda var nok i utgangspunktet 4 alner (2,5 m). Det er ikkje gjort større utbetringar etter 1704. I 150 år var dette hovudvegen mellom Sør-Noreg og Trøndelag.[7]

Fokstugu - Tofte

Litteratur

  • Kleiven, Ivar (1923). Lesja og Dovre. Kristiania: Aschehoug.
  • Rise, Ola J. (1947-51). Oppdalsboka. Historie og folkeminne. Bd I og II. Oslo: Tanum.
  • Sletbak, Nils (1977). Fjellstuene på Dovrefjell. Oslo: Det Norske Samlaget.
  • Om Dovrefjell i Store norske leksikon

Referansar

  1. Sletbak s. 16
  2. Sletbak s. 15
  3. Jfr www.eidsvoll1814.no
  4. Sletbak s. 82-92.
  5. Rise bd II s. 76, stadnamna kontrollert mot kartet.
  6. Kart Sletbak s. 315
  7. Oppslagstavle ved enden av Vårstigen.