Eigil Steinsfjord: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 14: Linje 14:


Steinsfjord var styremedlem i [[Nord-Aurdal mållag]] i fleire periodar, og dei siste åra han levde arbeidde han i Kirkens Bymisjon i Oslo ei veke i månaden.
Steinsfjord var styremedlem i [[Nord-Aurdal mållag]] i fleire periodar, og dei siste åra han levde arbeidde han i Kirkens Bymisjon i Oslo ei veke i månaden.
==Bibliografi==
*''Satan stemmer sin bassgitar''. Eide forlag, 1998
*''Noko vil koma til å hende''. Eide forlag, 2000
*''Han ser eg er naken''. Vigmostad og Bjørke, 2006
*''Kva er i veien med Steinar Andersen?''. Commentum forlag, 2011
*''Samliv, skamliv''. Snøfugl forlag, 2013
*''Trolig utro''. Snøfugl forlag, 2015
*''Kjærleik i aldrings år''. Snøfugl forlag 2018

Sideversjonen fra 30. okt. 2019 kl. 12:17

Under arbeid

Eigil Steinsfjord (fødd 17. mai 1945 i Oslo, død 14. oktober 2017) var lektor og forfattar.

Eigil Steinsfjord budde heile sitt vaksne liv på Leira i Nord-Aurdal. Han var utdanna lektor, med hovudfag i nordisk språk og litteratur. Den første jobben hans var som lærar ved Valdres folkehøgskule, men fra 1975 var han tilsatt som lektor ved Valdres gymnas, seinare Valdres vidaregåande skule . I Valdres var han og kjend som den kule uortodokse lektoren som gikk på ski over isen, rodde fjorden og syklet bygdevegane for å koma seg til og frå, og i over 40 år held han fram med å sykle og bruke spark for å kome seg på jobb. Sertifikat og bil skaffa han seg aldri, men han og kona kunne stundom bli observert på kvar sin moped.

Han var svært interessert i litteratur, skodespel, musikk og litteraturformidling, og ved sidan av å vere norsklærar, held han litterære foredrag i ulike samnanhengar. I tillegg til bøker skreiv han også kronikkar og artiklar til avisa Valdres, i Årbok for Valdres og i Vårt Land.

I eit intervju med avisa Valdresmagasinet 15. mars 2017, seier han at han ikkje veit kva som gjorde nett han til forfattar. Han seier vidare at han har hatt eit driv i seg heilt frå barndomen, og viser fram små heimelaga bøker frå tidlege barneår med titlar som vitnar om stor forteljartrong: Mysterier, Kidnapperne og Dobbeltspill.

I 1998 debuterte han med novellesamlinga Satan stemmer sin bassgitar. I sitt forfattarskap våga han å ta opp vanskelege tema om skuld, skam og samlivsproblem. Ein tanke som ofte går att, er om ein skal våge å tru på det gode i tilværet. Samtidig er det mykje humor i tekstane hans. Han skreiv både på nynorsk og bokmål.

Steinsfjord var styremedlem i Nord-Aurdal mållag i fleire periodar, og dei siste åra han levde arbeidde han i Kirkens Bymisjon i Oslo ei veke i månaden.


Bibliografi

  • Satan stemmer sin bassgitar. Eide forlag, 1998
  • Noko vil koma til å hende. Eide forlag, 2000
  • Han ser eg er naken. Vigmostad og Bjørke, 2006
  • Kva er i veien med Steinar Andersen?. Commentum forlag, 2011
  • Samliv, skamliv. Snøfugl forlag, 2013
  • Trolig utro. Snøfugl forlag, 2015
  • Kjærleik i aldrings år. Snøfugl forlag 2018