Eilevs veg

Sideversjon per 16. sep. 2018 kl. 22:57 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})

Eilevs vegFolkestad i Bø i Telemark er ein kort blindveg som går austover frå Steinodds veg til snuplass.

Eilevs veg sett nordover frå Margretes veg.
Foto: Roy Olsen (2017).

Vegen er 85 m lang og går i Folkestad felt E, har namn etter Eilev Steinoddsson Folkestad og blei namnsett i 1981. Busetnaden består av fem einebustader.

Eilev var sonen til Steinodd Sveinungsson Folkestad, og er nemnd i eit diplom frå 9. september 1423. Dette er eit skiftebrev som m.a. fortel at Eilef Steinoddsson overdreg til sonen, Stein Eilefsson, både laust og fast i garden Bjerknes i Sandsvær.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart.
  • Henneseid, Stian: Bøsoga II, Gards- og ættesoga band IV. Bø kommune 1986, s. 275.


Koordinater: 59.44596° N 9.08163° Ø