Eilevs veg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Eilevs veg sett nordover frå Margretes veg.
Foto: Roy Olsen (2017).

Eilevs veg på Folkestad i i Midt-Telemark kommune er ein kort blindveg i Folkestad felt E som går austover frå Steinodds veg til snuplass og er 85 meter lang.

Vegen har namn etter Eilev Steinoddsson Folkestad og blei namnsett i 1981. Busetnaden består av fem einebustader.

Eilev var sonen til Steinodd Sveinungsson Folkestad, og er nemnd i eit diplom frå 9. september 1423. Dette er eit skiftebrev som m.a. fortel at Eilef Steinoddsson overdreg til sonen, Stein Eilefsson, både laust og fast i garden Bjerknes i Sandsvær.

I Folkestad felt E valde namnenemnda ei ny line for namnsetting på bustadvegar, og i eit vedlegg til namnesaka skriv dei:

Vegnamna her er knytt til personar som levde i Eika-/Folkestadområdet på trettenhundretalet.
Steinodd budde på Folkestad og var født kring 1340, og Eilev var sonen hans. Margrete var dotter av Tolv Lie, truleg født på slutten av tolvhundretalet og gift med Olav Torleivson på Eika. Torvill var bror av Margrete og flytte med henne frå Li til Eika og levde der resten av si tid.
Namna Margrete, Torvill og Olav er nemnt i det eldste dokumentet som finnst om gardar i Bø, og særleg med bakgrunn i dette meiner nemnda det er verdfullt å få eit bustadfelt der ein har hatt som mål å ta vare på personnamn frå eldre tid.
– Namnenemnda

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart.
  • Henneseid, Stian: Bøsoga II, Gards- og ættesoga band IV. Bø kommune 1986, s. 275.
  • Vegnamn-nemnda, sak 381, 21. juli 1981.


Koordinater: 59.44596° N 9.08163° Ø