Steinodds veg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Steinodds veg sett nordover frå Margretes veg.
Foto: Roy Olsen (2017).

Steinodds veg på Folkestad i i Midt-Telemark kommune går søraustover frå Trytetjønnvegen til Margretes veg og er 253 meter lang.

Vegen og går i Folkestad felt E, har namn etter Steinodd Sveinungsson Folkestad og blei namnsett i 1981. Busetnaden består av 11 einebustader og Sameiget Steinoddsveg 6 med tre bueiningar.

Steinodd er nemnd i eit skinnbrev av 4. mars 1392 nedskrive av Øystein Trondsson, «Præstr a Bøø», og gjeld ein jordhandel der Steinodd Sveinungsson, bonde på Folkestad, sel sin del av garden Hove i Hovinbygd. Steinodd må soleis ha overlevd svartedauden. Det er knytt ei segn til Folkestad om nettopp svartedauden. Da skulle det vere att bare «tri rykans pipur» i Bø. Den eine var på Folkestad, dei to andre på Sanda og Vreim. Etter segna tok bonden på Folkestad til seg 13 foreldrelause born.

I Folkestad felt E valde namnenemnda ei ny line for namnsetting på bustadvegar, og i eit vedlegg til namnesaka skriv dei:

Vegnamna her er knytt til personar som levde i Eika-/Folkestadområdet på trettenhundretalet.
Steinodd budde på Folkestad og var født kring 1340, og Eilev var sonen hans. Margrete var dotter av Tolv Lie, truleg født på slutten av tolvhundretalet og gift med Olav Torleivson på Eika. Torvill var bror av Margrete og flytte med henne frå Li til Eika og levde der resten av si tid.
Namna Margrete, Torvill og Olav er nemnt i det eldste dokumentet som finnst om gardar i Bø, og særleg med bakgrunn i dette meiner nemnda det er verdfullt å få eit bustadfelt der ein har hatt som mål å ta vare på personnamn frå eldre tid.
– Namnenemnda

I 2011 skreiv lærarane Anne Theie og Torgeir Hefre ved Bø ungdomsskule musikkspelet «Steinodd + Astrid = sant», som hadde premiere i november same år. I spelet er Steinodd Sveinungsson Folkestad ein av hovudpersonane, og handlinga utspelar seg før og etter svartedauden midt på 1300-talet. Lokale segn og fortellingar frå Bø er fletta inn i fortellinga som også er utgjeve på CD og i bokform.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart.
  • Henneseid, Stian: Bøsoga II, Gards- og ættesoga band IV. Bø kommune 1986, s. 275.
  • Vegnamn-nemnda, sak 381, 21. juli 1981.
  • Nynorskopplæring nr. 15: Steinodd + Astrid = sant.
  • Avisartikkel i Varden 2. mai 2013: Ingrid oppdaget slektning fra 1340.


Koordinater: 59.44636° N 9.08072° Ø