Margretes veg (Bø i Telemark)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Parti frå Margretes veg.
Foto: Roy Olsen (2021).

Margretes veg på Folkestad i i Midt-Telemark kommune går nordover frå Steintjønnvegen og er 231 meter lang.

Vegen går i Folkestad felt E, har namn etter Margrete Tolvsdotter og blei namnsett i 1981. Busetnaden består av 16 einebustader.

I Folkestad felt E valde namnenemnda ei ny line for namnsetting på bustadvegar, og i eit vedlegg til namnesaka skriv dei:

Vegnamna her er knytt til personar som levde i Eika-/Folkestadområdet på trettenhundretalet.
Steinodd budde på Folkestad og var født kring 1340, og Eilev var sonen hans. Margrete var dotter av Tolv Lie, truleg født på slutten av tolvhundretalet og gift med Olav Torleivson på Eika. Torvill var bror av Margrete og flytte med henne frå Li til Eika og levde der resten av si tid.
Namna Margrete, Torvill og Olav er nemnt i det eldste dokumentet som finnst om gardar i Bø, og særleg med bakgrunn i dette meiner nemnda det er verdfullt å få eit bustadfelt der ein har hatt som mål å ta vare på personnamn frå eldre tid.
– Namnenemnda

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart.
  • Henneseid, Stian: Bøsoga II, Gards- og ættesoga band IV. Bø kommune 1986, s. 465.
  • Vegnamn-nemnda, sak 381, 21. juli 1981.


Koordinater: 59.44467° N 9.08176° Ø