Elsa Laula Renberg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Elsa Laula Renberg (f. 29. november 1877 i Vilhelmina, d. 22. juli 1931 i Brønnøy) var ein sørsamisk politisk aktivist. Ho er særlig kjent som forfattaren til skriftet Inför lif och död: Sanningsord i de lapska förhållandena (1901) og som hovudarrangør av det aller første samiske landsmøtet, som vart heldt i Trondheim den 6.9. februar 1917.

Oppveksten og åra i Sverige

Elsa Stina Larsdotter Laula vart fødd den 29. november 1877Gardfjäll ved grensa mellom Vilhelmina kommun og Storumans kommun av mora Kristina Josefina Larsdotter (1847–1912) og faren Lars Thomasson Laula (1846–1899, frå Susendalen i Hattfjelldal). Ho voks opp i Suofo (Såafoe) ved Dikanäs i Vilhelmina kommun. Realskulen tok ho i Örebro. Ho begynte på jordmorutdaninga ved Södra barnbördshuset i Stockholm, men fullførte av ukjente grunnar aldri den utdaninga. Derimot vart ho kjent for foredraga sine i Stockholm.[1] I 1906 gav ho ut skriftet Inför lif och död: Sanningsord i de lapska förhållandena, der ho blant anna argumenterte for at samane burde ha betre tilgang til utdaning så vel som betre rettsvern — inkludert eigedomsrett til skattelanda og rett til å drive jordbruk. Ho var òg med på å grunnlegge Lapparnas Centralförbund — den første riksdekkjande sameorganisasjonen i Sverige.

Åra i Noreg

I 1908 gifta ho seg med den norske sørsamen Tomas P. Renberg (1882–1948, son av Anna Olsdt. og Per Jonson Vesterfjell), og dei busette seg i Vefsn. Der var ho initiativtakar til Brurskankens Lapforening i 1908, og i 1910 var ho med og stifta Brurskankens Lappekvinde Forening. Saman med dei sistnemnte og med Ellen Lie og Anna Löfwander-Järwson fikk ho i stand det aller første samiske landsmøtet, som vart heldt i Trondheim den 6.9. februar 1917 med Elsa som opningstalar. Samefolkets dag (Mal:Sørsam. Saemie åålmegebiejjie), som vart etablert i 1993, er lagt til den 6. februar som minne om dette første landsmøtet.

Politisk syn

Familien

Elsa og Tomas fikk seks born saman. Dei to eldste, Olav Kristoffer og Marie, dødde tidlig. Dei fire neste borna, Thomas, Gustav, Ebba og Elsa voks alle opp og vart gift. Våren 1931 vart Elsa Laula diagnostisert med ein «galopperende» tuberkulose. Ho vart sendt til Brønnøy Sykehjem i Brønnøysund, der ho dødde etter berre nokre få månader, på onsdagen den 22. juli 1931 i ein alder av 54 år.

Arven etter Elsa

Fotnotar

  1. Dahlstedt, Helge: «Minnen och människor från Vilhelmina», i Västerbotten : Västerbottens läns hembygdsförenings årbok 46 (1965).

Kjelder