Elsa Laula Renberg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Elsa Laula (trulig ca. 1900).

Elsa Laula Renberg (f. 29. november 1877 i Vilhelmina eller Susendalen, d. 22. juli 1931 i Brønnøy) var ein sørsamisk politisk aktivist. Ho er særlig kjent som forfattaren til skriftet Inför lif och död: Sanningsord i de lapska förhållandena (1901) og som hovudarrangør av det aller første samiske landsmøtet, som vart heldt i Trondheim den 6.9. februar 1917.

Oppveksten og åra i Sverige

Elsa Kristina Larsdotter Laula[1] vart fødd den 29. november 1877Gardfjäll[2] ved grensa mellom Vilhelmina kommun og Storumans kommun av mora Kristina Josefina Larsdotter (1847–1912) og faren Lars Thomasson Laula (1846–1899, frå Susendalen i Hattfjelldal). Ho voks opp i Suofo (Såafoe) ved Dikanäs i Vilhelmina kommun. Av Folkräkningen 1890 går det fram at Elsa Stina hadde ein eldre bror (Tomas Leonard, f. 1874) og fire yngre søsken (Jonas Petter Ture (f. 1880), Maria Katarina (f. 1882), Klemet Eugénius (f. 1886) og Kristofer Damanius (f. 1887)).[3] Som heimstad er oppgjeve Lappska allmogen. I 1891 fikk ho ein bror til, Mattias Larsson Laula. Mattias og faren drukna i 1899.

Elsa Laula kom en sommardag till prästgården i Vilhemina för att ta ut åldersbetyg för sin ansökan till barnmorskekursen på södra BB. Hon hade bett far att han inte skulle skriva hennes lapska namn på betyget. Vi satt och drack kaffe tillsammans i matrummet. Jag minns, att far sa:

— Då du har ett så vackert namn som Laula ska du inte kasta bort det namnet.

Sedan Elsa i Stockholm blivit bekant för sina föredrag var hon säkert glad för sitt lapska namn Laula.[4]

Elsa begynte på jordmorutdaninga ved Södra barnbördshuset i Stockholm, men fullførte av ukjente grunnar aldri den utdaninga. Derimot vart ho kjent for foredraga sine i Stockholm.[5] I 1906 gav ho ut skriftet Inför lif och död: Sanningsord i de lapska förhållandena, der ho blant anna argumenterte for at samane burde ha betre tilgang til utdaning så vel som betre rettsvern — inkludert eigedomsrett til skattelanda og rett til å drive jordbruk. Ho var òg med på å grunnlegge Lapparnas Centralförbund — den første sameorganisasjonen i Sverige.

Åra i Noreg

I 1908 gifta ho seg med den norske sørsamen Thomas (Anton Martin) P. Renberg (1882–1948, son av Anna Olsdt. og Per Jonson Vesterfjell), og dei busette seg Austerbygda i Vefsn, der dei dreiv reindrift. Der var ho initiativtakar til Brurskankens Lapforening i 1908, og i 1910 var ho med og stifta Brurskankens Lappekvinde Forening. Saman med dei sistnemnte og med Ellen Lie og Anna Löfwander-Järwson fikk ho i stand det aller første samiske landsmøtet, som vart heldt i Trondheim den 6.9. februar 1917 med Elsa som opningstalar. Samefolkets dag (sørsam. Saemie åålmegebiejjie), som vart etablert i 1993, er lagt til den 6. februar som minne om dette første landsmøtet.

Politisk syn

Familien

Elsa og Tomas fikk seks born saman. Dei to eldste, Olaf Kristoffer (f. 1908, d. 1916) og Marie (f. 1911, d. 1912), dødde tidlig. Dei fire neste borna, Thomas Reinholt (f. 1915, d. 2008), Ebba Kristina Margareta (f. 1917, d. 1955), Gustav Arvid (f. 1919, d. 1988) og Elsa Maria (f. 1921, d. 1977) voks alle opp og vart gift.

Våren 1931 vart Elsa Laula diagnostisert med ein «galopperende» tuberkulose. Ho vart sendt til Brønnøy Sykehjem i Brønnøysund, der ho dødde etter berre nokre få månader, på onsdagen den 22. juli 1931 i ein alder av 53 og eit halvt år.

Arven etter Elsa

Elsa Laulas veg i Mosjøen er oppkalla etter ho. Det er laga teateroppsetting om henne og på samenes nasjonaldag 6. februar 2019 vart ei statue av henne avduka i Mosjøen.

Fotnotar

  1. Andre namneformer inkluderer Elsa Kristina og Else Kristine.
  2. Bo Lundmark: «Apropå Elsa Laulas födelseort», publ. på Samefolket.se 25.04.2013
  3. Folkräkningen 1890 - Västerbottens län, Wilhelmina församling
  4. Dahlstedt, Helge: «Minnen och människor från Vilhelmina», i Västerbotten : Västerbottens läns hembygdsförenings årbok 46 (1965).
  5. Dahlstedt, Helge: «Minnen och människor från Vilhelmina», i Västerbotten : Västerbottens läns hembygdsförenings årbok 46 (1965).

Kjelder


Eksterne lenkjer