Epidemiar i Skjåk

Sideversjon per 21. mai 2020 kl. 04:46 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: Gjennom historia kan vi registrere følgjande sjukdomsutbrot som kan kallast '''epidemiar i Skjåk''': == Svartedauden 1349 == Den einaste kjelda der pesten er di…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Gjennom historia kan vi registrere følgjande sjukdomsutbrot som kan kallast epidemiar i Skjåk:

Svartedauden 1349

Den einaste kjelda der pesten er direkte omtala i distriktet, er eit mellomalderdokument frå 30 år etterpå. Det er godseigaren Bård TrondssonNigard Skjåk i Skjåk som 31. januar 1380 får vitnebrev på at Magnhild ÅsmundsdotterHåmår i Vågå døydde «den store manndaudehausten» eller «helgemessaftan i den store mannedauden» den 31. oktober 1349.[1] Elles er Svartedauden dokumentert berre ved sine gjennomgripande konsekvensar for, folketal, jordbruk og busetjingsmønster.

Dysenteri 1809 og 1811

I si oppsummering av folketeljinga 1815 har sokneprest Halvor Arntzen påført denne merknaden: «I 1809 døde omtrent 200 Mennesker af Blodgang, bragt ind i Sognet ved en fra Arméen hjemkommen Soldat.» «Sognet» tyder her Lom prestegjeld (Lom og Skjåk). Ut frå kyrkjebøkene kan ein konstatere at storparten av dødsfalla, nær 140 menneske, skjedde i annekset Skjåk. Dette får katastrofedimensjonar når ein ser at årleg gjennomsnittleg tal dødsfall var 31 i tiåret før, 29 i tiåret etter, med årlege toppar på høvesvis 58 og 51 i dei respektive tiårsbolkane.

Forklaringa på smitten er også plausibel. Mange frå Lom og Skjåk var utkommanderte i krigen mot Sverige i 1808. Frå Skjåk var det minst 32 som omkom, 24 av dei er gravlagde i Vinger. Dei fleste har døydd av sjukdom, somme på veg heim, somme etter at dei hadde nådd fram til heimbygda si.

Soknepresten held fram: «Ogsaa 1811 bleve henved 100 Mennesker bortrevne af Blodgang.» Denne gongen viser kyrkjebøkene at det var Lom som vart hardast råka. Det folkelege uttrykket «blodgang» gjeld mest sannsynleg dysenteri. Dette er ei nemning for fleire artar av tarminfeksjon forårsaka av bakteriar. Iallfall den eine varianten, shigellose, medfører sterk diaré med blod i avføringa.[2]

Referansar

Kjelder og litteratur