Epidemiar i Skjåk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Gjennom historia kan vi registrere nedanståande sjukdomsutbrot som kan kallast epidemiar i Skjåk. Oversynet er sjølvsagt høgst mangelfullt, avhengig av kva som har gjort nedslag i gjennomgådde historiske kjelder. Særleg i eldre tid må epidemiane ha vore svært mykje hyppigare enn som synest framgå her.

Svartedauden 1349

Den einaste kjelda der pesten er direkte omtala i distriktet, er eit mellomalderdokument frå 30 år etterpå. Det er godseigaren Bård TrondssonNigard Skjåk i Skjåk som 31. januar 1380 får vitnebrev på at Magnhild ÅsmundsdotterHåmår i Vågå døydde «den store manndaudehausten» eller «helgemessaftan i den store mannedauden» den 31. oktober 1349.[1] Elles er Svartedauden dokumentert berre ved sine gjennomgripande konsekvensar for, folketal, jordbruk og busetjingsmønster.[2] Sjå artikkel Skjåks historie i mellomalderen (1000-1500).

Dysenteri 1809 og 1811

I si oppsummering av folketeljinga 1815 har sokneprest Halvor Arntzen påført denne merknaden: «I 1809 døde omtrent 200 Mennesker af Blodgang, bragt ind i Sognet ved en fra Arméen hjemkommen Soldat.» «Sognet» tyder her Lom prestegjeld (Lom og Skjåk). Ut frå kyrkjebøkene kan ein konstatere at storparten av dødsfalla, nær 140 menneske, skjedde i annekset Skjåk. Dette får katastrofedimensjonar når ein ser at årleg gjennomsnittleg tal dødsfall var 31 i tiåret før, 29 i tiåret etter, med årlege toppar på høvesvis 58 og 51 i dei respektive tiårsbolkane.[3]

Forklaringa på smitten er også plausibel. Mange frå Lom og Skjåk var utkommanderte i krigen mot Sverige i 1808. Frå Skjåk var det minst 32 som omkom, 24 av dei er gravlagde i Vinger. Dei fleste har døydd av sjukdom, somme på veg heim, somme etter at dei hadde nådd fram til heimbygda si.[4]

Soknepresten held fram: «Ogsaa 1811 bleve henved 100 Mennesker bortrevne af Blodgang.» Denne gongen viser kyrkjebøkene at det var Lom som vart hardast råka. Det folkelege uttrykket «blodgang» gjeld mest sannsynleg dysenteri. Dette er ei nemning for fleire artar av tarminfeksjon forårsaka av bakteriar. Iallfall den eine varianten, shigellose, medfører sterk diaré med blod i avføringa.[5]

Skarlakensfeber 1913

Frå ein privat dagbokinnførsel 17. mai 1913, og frå samtidige avisoppslag, veit vi at det var fare for smittespreiing av skarlakensfeber i Skjåk på det tidspunktet. Grunnlovsfeiringa vart av den grunn avlyst.[6] Det er ikkje rapportert om kor mange som har vore råka. I klokkarbok for Skjåk sokn er skarlakensfeber opplyst som dødsårsak for ein seks år gammal gut, elles ingen det aktuelle året korkje i Skjåk eller Nordberg. [7]

Spanskesjuka 1918-1919

Bortimot 20 personar i Skjåk døydde av spanskesjuka, som råka Skjåk og Ottadalen i byrjinga av oktober 1918.[8] Sjå eigen artikkel Spanskesjuka i Skjåk.

Meslingar 1933

I oktober-november 1933 braut det ut ein meslingepidemi i bygda, eller «sya» som er det lokale namnet på sjukdomen. Skulen i Åmot-krinsen i Nordberg vart stengd ei tid, og det vart vurdert å stogge undervisninga også i dei andre skulane i bygda. Heller ikkje her kan vi vise til oppgåver over tal på sjuke. Ingen dødsfall blir relatert til farsotta i klokkarbøkene.[9]

Poliomyelitt 1936-1937

Seinhaustes og vinter 1936-1937 var det fleire tilfelle av poliomyelitt. Det vart periodevis innført møteforbod og stenging av skular. I Nordberg vart det ikkje halde gudsteneste korkje fyrste eller andre juledagen på grunn av dette.[10]

Tuberkulose (før 1950)

Talet på tuberkoloseramma steig kraftig i Noreg frå ca. 1890, og heldt seg høgt fram til antibiotika og vaksine fekk effektiv verknad rett etter andre verdskrigen. Vi har tal frå Skjåk frå tidsrommet 1915-1931. I følgje kyrkjebøkene (klokkarbøkene frå Skjåk og Nordberg sokn), døydde 59 menneske av denne sjukdomen i løpet av dei 15 åra. Tal på personar som vart ramma av sjukdomen, men som overlevde, har vi ikkje tilgjengeleg. I følgje distriktslege Torbjørn Kjæstad i eit avisintervju i august 1940, var den verste tida i dette legedistriktet (Lom og Skjåk) åra rundt 1920. Talet på nye tilfelle var kome ned i nesten null på intervjutidspunktet 1940.[11]

Asiasjuka 1957-1958

Koronaepidemien 2020

Pr. 15. mai 2020 kan kriseleiinga i Skjåk slå fast at det ikkje er nokon registrert pasient med Covid-19 i kommunen, og ingen var heller lenger i karantene på det tidspunktet. I tidsrommet frå 9. mars og fram til slutten av mai, har det vore konstatert to smittetilfelle. Båe som var smitta, er nå friskmelde.

Dei fyrste krisetiltaka vart sette i verk frå og med 10. mars. Skjåkhallen, svømmehallen og Skjåk treningssenter vart stengde med unntak for aktivitetar knytta til skulane i skuletida. Det vart innført besøksrestriksjonar på Skjåkheimen (alders- og sjukeheim), i omsorgsbustadene og i bufellesskapet Bismotunet. Friviljugsentralen vart også stengd. Mellom 10 og 20 har vore i karantene, og andre pålagde arbeidsrestriksjonar osv.

I samsvar med dei nasjonale retningslinjene frå og med 12. mars vart det innført ei rekkje nye tiltak, der kanskje det mest synlege var stenginga av skulane. Ungdomssteget 8.-10. klasse fekk heimeundervisning digitalt. Klassene 1-7 var på skulen og fordelt på romma i skulen for å oppnå trygg avstand mellom elevane. Det vart utnemnd ein krisestab av kommunelege/smittvernoverlege og sentrale personar i kommuneadministrasjonen. Det vart også oppretta ein beredskapsbank med helsepersonell som kan utkallast på kort tid.


Referansar

  1. DN III nr. 425, 31.1.1380, Mo (prestegarden i Lom). Jf. Skjåk bygdebok 1, s. 234.
  2. Skjåk bygdebok 1, s. 241-251.
  3. Skjåk bygdebok 3, s. 38-40.
  4. Skjåk bygdebok 3, s. 30-35.
  5. Store medisinske leksikon
  6. Skjåk bygdebok 4, s. 163.
  7. Klokkerbok nr. 3, 1893-1932 Skjåk sokn og Klokkerbok nr. 4, 1895-1921 Nordberg sokn
  8. Skjåk bygdebok 4, s. 161-163.
  9. Skjåk bygdebok 4, s. 163.
  10. Skjåk bygdebok 4, s. 163.
  11. Skjåk bygdebok 4, s. 164-167. Avisintervjuet med Kjæstad i Laagen 22.8.1940.

Kjelder og litteratur