Erik O. Hagen (1822–1908): Forskjell mellom sideversjoner

Utbygging
Ingen redigeringsforklaring
(Utbygging)
Linje 1: Linje 1:
'''Erik Olsen Hagen''' (fødd 1822 i [[Skjåk]], død 1908 i USA) var gardbrukar og haugianar i Skjåk. Til USA i 1869.
'''[[Erik Hagen (1822-1908)|Erik Olsen Hagen]]''' (fødd 1822 i [[Lom]], død 1908 i USA) var gardbrukar og snikkar Skjåk, kjend som haugianar og lekpredikant. Han og familien emigrerte til USA i 1869, tilsynelatande mykje på grunn av ein bygdestrid som Erik stod midt oppi.
 
Han var fødd og hadde dei fyrste barneåra sine på garden Mork (g.nr. 32.3) i Øvergrenda på Nørdre Strond i Lom. Foreldra var Ola Steinarsson frå Steine på Lesja (1785-1824) og Karen Dorthea Hansdotter Torp (fødd ca. 1795). Far til Karen Dorthea, kaptein [[Hans Adam Jensson Torp]] (ca. 1754-1842) hadde kjøpte Mork i 1809. Foreldra til Erik overtok Mork i 1821, året før Erik vart fødd. Da faren døydde i 1824, dreiv mora Mork til ho selde garden i 1827. Ho gifta seg opp att i 1829 med Ola Olsson på Ånstad eller Prestgarden i Skjåk, og dei vart brukarar på Søre Prestgarden. Erik hadde altså barne- og ungdomsåra sine på Prestgarden frå han var ca. sju til han gifta seg som 24-åring med Kari Larsdotter frå Skei i Skjåk (1816-1890). Dei to byrja da som gardbrukarar på nabogarden til Skei, Hågå, i 1847, medan Søre Prestgarden vart driven vidare av halvsyster til Erik, [[Mathea Olsdotter Prestgard]].
 
Erik og Kari fekk fire born fødde i tidsrommet 1848-1858. Den eine sonen, [[Ole E. Hagen|Ole]] (f. 1850) vart professor i filologi ved South Dakota State University med doktograd frå Leipzig.
 
Etter ei personleg omvending i ungdomen, vart Erik Hagen sterkt religiøs. Han rekna seg som haugianar, men var sterkt påverka av [[Gisle Johnson (1822–1894)|den johnsonske vekkelse]] i 1850-åra. Han var sterkt samfunnsengasjert og aktiv i bygdas styre og stell. I 1860-åra oppstod det ein bitter strid om tømmersl frå ålmenninga i Skjåk, der Erik Hagen stod i spissen for den eine fløya. Sonen fortel i ein liten biografi om faren at det var ein sterkt medverkande grunn til at familien bestemte seg for å flytte ut frå Skjåk. Erik Hagens kristelege aktivisme kan ha forsterka kjenslene i bygdestriden. Sonen Ole fortel at han som 10-12-åring i Skjåk måtte «taale bitter Spot og Haan [...] som "Læseren Erik Hagens Søn"».
 
I 1868 bestmte dei seg for å dra frå bygda. Dei tenkte fyrst å kjøpe ein gard i [[Ringebu]], men endra planar og drog til Amerika året etter, til Eau Claire i Wisconsin. Erik Hagen var sterkt engasjert i kyrkjeleg arbeid også på den nye heimstaden, heilt fram til han vart sjuk og døydde som 76-åring i 1908.
 


{{Spire}}
{{DEFAULTSORT:Hage, Erik Olsen}}
{{DEFAULTSORT:Hage, Erik Olsen}}
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Fødsler i 1822]]
[[Kategori:Fødsler i 1822]]
[[Kategori:Dødsfall i 1908]]
[[Kategori:Dødsfall i 1908]]
[[Kategori:Lom kommune]]
[[Kategori:Skjåk kommune]]
[[Kategori:Skjåk kommune]]
[[Kategori:Gardbrukere]]
[[Kategori:Gardbrukere]]
[[Kategori:Norsk-amerikanere]]
[[Kategori:Norsk-amerikanere]]
Veiledere, Administratorer
9 136

redigeringer