Fåberg (Jostedalen): Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
|||
Linje 5: | Linje 5: | ||
Grenda har to matrikkelgardar, [[Nedre Fåberg (Jostedalen)|Nedre]] (gnr. 204) og [[Øvre Fåberg (Jostedalen)|Øvre Fåberg]] (gnr. 205). Fåberg er nemnd fyrste gong i det eldste dokumentet som nemner Jostedalen etter øydetida, presteskattelista frå 1596. Alt her er det nemnt to gardbrukarar i ''Faaberg'', ''Pouell'' og ''Halffuor'', og dei skulle betale like mykje i skatt.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=117 Skattelista 1596] (Jostedal historielag)</ref> | Grenda har to matrikkelgardar, [[Nedre Fåberg (Jostedalen)|Nedre]] (gnr. 204) og [[Øvre Fåberg (Jostedalen)|Øvre Fåberg]] (gnr. 205). Fåberg er nemnd fyrste gong i det eldste dokumentet som nemner Jostedalen etter øydetida, presteskattelista frå 1596. Alt her er det nemnt to gardbrukarar i ''Faaberg'', ''Pouell'' og ''Halffuor'', og dei skulle betale like mykje i skatt.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=117 Skattelista 1596] (Jostedal historielag)</ref> | ||
I bygdeboka vert det hevda at Øvre Fåberg var den eldste garden og at Nedre Fåberg vart utskilt kring 1612.<ref>Øyane 1994, s. 687</ref>, men då er det ikkje teke omsyn til at det var to gardbrukarar med jamstor skyld i grenda alt i 1596. I matrikkelen 1647 er det to gardbrukarar i ''Faaberg'' og ''Foeberig'', som før med jamstor skyld.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=118 Matrikkelen 1647 for Jostedalen] (Jostedal historielag)</ref> I matrikkelen frå 1660-åra har ''Nedre Faaberg'' (nr. 15) og ''Øffre Faaberg'' (nr. 16) kvart sitt løpenummer. | I bygdeboka vert det hevda at Øvre Fåberg var den eldste garden og at Nedre Fåberg vart utskilt kring 1612.<ref>Øyane 1994, s. 687</ref>, men då er det ikkje teke omsyn til at det var to gardbrukarar med jamstor skyld i grenda alt i 1596.<ref>Jf. Laberg 1944, s. 37</ref> I matrikkelen 1647 er det to gardbrukarar i ''Faaberg'' og ''Foeberig'', som før med jamstor skyld.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=118 Matrikkelen 1647 for Jostedalen] (Jostedal historielag)</ref> I matrikkelen frå 1660-åra har ''Nedre Faaberg'' (nr. 15) og ''Øffre Faaberg'' (nr. 16) kvart sitt løpenummer. | ||
==Notar== | ==Notar== |
Sideversjonen fra 4. okt. 2010 kl. 16:56
Fåberg er ein namnegard og ei grend i Jostedalen i Luster kommune, Sogn og Fjordane. Dette er dei fremste gardane i hovuddalføret i Jostedalen og ligg på austsida av Jostedøla. Grenda grensar i sør til matrikkelgarden Elvekrok og i vest mot Jostedøla.
Utttala er /få:bærg/, og tydinga av førelekken «Få-» er uviss. Oluf Rygh spekulerer i om det kan ha å gjere med det gno. fóð som er nytta i namn på elvar som dannar ei grense, men det høver dårleg med topografien.[1]
Grenda har to matrikkelgardar, Nedre (gnr. 204) og Øvre Fåberg (gnr. 205). Fåberg er nemnd fyrste gong i det eldste dokumentet som nemner Jostedalen etter øydetida, presteskattelista frå 1596. Alt her er det nemnt to gardbrukarar i Faaberg, Pouell og Halffuor, og dei skulle betale like mykje i skatt.[2]
I bygdeboka vert det hevda at Øvre Fåberg var den eldste garden og at Nedre Fåberg vart utskilt kring 1612.[3], men då er det ikkje teke omsyn til at det var to gardbrukarar med jamstor skyld i grenda alt i 1596.[4] I matrikkelen 1647 er det to gardbrukarar i Faaberg og Foeberig, som før med jamstor skyld.[5] I matrikkelen frå 1660-åra har Nedre Faaberg (nr. 15) og Øffre Faaberg (nr. 16) kvart sitt løpenummer.
Notar
- ↑ «Faaberg» i Norske Gaardnavne, jf. Øyane 1994, s. 171
- ↑ Skattelista 1596 (Jostedal historielag)
- ↑ Øyane 1994, s. 687
- ↑ Jf. Laberg 1944, s. 37
- ↑ Matrikkelen 1647 for Jostedalen (Jostedal historielag)
Litteratur
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 686-747. (Digital utgåve, NBdigital)
- Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)