Fåberg (Jostedalen): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Linje 6: Linje 6:

I bygdeboka vert det hevda at Øvre Fåberg var den eldste garden og at Nedre Fåberg vart utskilt kring 1612.<ref>Øyane 1994, s. 687</ref>, men då er det ikkje teke omsyn til at det var to gardbrukarar med jamstor skyld i grenda alt i 1596.<ref>Jf. Laberg 1944, s. 37</ref> I matrikkelen 1647 er det to gardbrukarar i ''Faaberg'' og ''Foeberig'', som før med jamstor skyld.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=118 Matrikkelen 1647 for Jostedalen] (Jostedal historielag)</ref> I matrikkelen frå 1660-åra har ''Nedre Faaberg'' (nr. 15) og ''Øffre Faaberg'' (nr. 16) kvart sitt løpenummer.

Fåberg var den siste garden før breovergangen til Stryn eller fjellovergangen til Skjåk. Det var såleis ein vanleg stad å overnatte for ferdafolk. Her tok til dømes Ivar Aasen inn då han gjekk frå Sogn til Nordfjord sommaren 1855.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=130 Ivar Aasen: Justedals-Breden (1862)] (Jostedal historielag)</ref>

==Notar==
==Notar==

Sideversjonen fra 4. okt. 2010 kl. 19:20

Fåberg er ein namnegard og ei grend i Jostedalen i Luster kommune, Sogn og Fjordane. Dette er dei fremste gardane i hovuddalføret i Jostedalen og ligg på austsida av Jostedøla. Grenda grensar i sør til matrikkelgarden Elvekrok og i vest mot Jostedøla.

Utttala er /få:bærg/, og tydinga av førelekken «Få-» er uviss. Oluf Rygh spekulerer i om det kan ha å gjere med det gno. fóð som er nytta i namn på elvar som dannar ei grense, men det høver dårleg med topografien.[1]

Grenda har to matrikkelgardar, Nedre Fåberg (gnr. 204) og Øvre Fåberg (gnr. 205). Fåberg er nemnd fyrste gong i det eldste dokumentet som nemner Jostedalen etter øydetida, presteskattelista frå 1596. Alt her er det nemnt to gardbrukarar i Faaberg, Pouell og Halffuor, og dei skulle betale like mykje i skatt.[2] Dette må ha vore gode korngardar, for brukarane i Fåberg var dei einaste i Jostedalen attåt Fossen og Åsen som betalte presteskatten i korn.

I bygdeboka vert det hevda at Øvre Fåberg var den eldste garden og at Nedre Fåberg vart utskilt kring 1612.[3], men då er det ikkje teke omsyn til at det var to gardbrukarar med jamstor skyld i grenda alt i 1596.[4] I matrikkelen 1647 er det to gardbrukarar i Faaberg og Foeberig, som før med jamstor skyld.[5] I matrikkelen frå 1660-åra har Nedre Faaberg (nr. 15) og Øffre Faaberg (nr. 16) kvart sitt løpenummer.

Fåberg var den siste garden før breovergangen til Stryn eller fjellovergangen til Skjåk. Det var såleis ein vanleg stad å overnatte for ferdafolk. Her tok til dømes Ivar Aasen inn då han gjekk frå Sogn til Nordfjord sommaren 1855.[6]

Notar

  1. «Faaberg» i Norske Gaardnavne, jf. Øyane 1994, s. 171
  2. Skattelista 1596 (Jostedal historielag)
  3. Øyane 1994, s. 687
  4. Jf. Laberg 1944, s. 37
  5. Matrikkelen 1647 for Jostedalen (Jostedal historielag)
  6. Ivar Aasen: Justedals-Breden (1862) (Jostedal historielag)

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 686-747. (Digital utgåve, NBdigital)