Fieldfare-operasjonen

Fieldfare-operasjonen er nemninga på oppdraget tre Kompani Linge-karar frå Ålesund: Birger Strømsheim, Olav Aarsæther og leiaren Joachim Rønneberg gjennomførte i området Tafjordfjella - Romsdalen i perioden mars 1944 - mai 1945. Dei tre hadde tidlegare vore med på tungsvannsaksjonenVemork.

Stuguflottbrue med skade etter sprengninga
Foto: Arnfinn Kjelland

Gruppa skulle organisere motstandsgrupper og førebu jernbanesabotasje. Natta mellom 5. og 6. januar 1945 sprengte dei Stuguflottbrue etter ein strabasiøs mars i djup snø og sterk kulde frå basen dei hadde i Veltdalen om lag 25 km inne i fjellområdet. Spregninga var vellykka og blokkerte den tyske jernbanetrafikken i 19 dagar. På bildet kan ein sjå reparasjonen etter sprenginga.

Den vesle hytta karane bygde opp i Veltdalen er rekonstruert av Ålesund-Sunnmøre Turistforening, sjå lenke.

Linge-karane hadde kontakt med og hjalp til med å organisere og trene ei milorg-gruppe med medlemer frå Verma, Lesjaskog og Bjorli våren 1945.

Litteratur