Fieldfare-operasjonen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 14. jul. 2009 kl. 13:00 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: '''Fieldfare-operasjonen''' er nemninga på oppdraget tre Kompani Linge-karar frå Ålesund: Birger Strømsheim, Olav Aarsæther og leiaren [[Joachim Rønneber...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Fieldfare-operasjonen er nemninga på oppdraget tre Kompani Linge-karar frå Ålesund: Birger Strømsheim, Olav Aarsæther og leiaren Joachim Rønneberg gjennomførte i området Tafjordfjella - Romsdalen i perioden mars 1944 - mai 1945. Dei tre hadde tidlegare vore med på tungsvannsaksjonenVemork.

Gruppa skulle organisere motstandsgrupper og førebu jernbanesabotasje. Natta mellom 5. og 6. januar 1945 sprengte dei Stuguflottbrue etter ein strabasiøs mars i djup snø og sterk kulde frå basen dei hadde i Veltdalen om lag 25 km inne i fjellområdet. Spregninga var vellykka og blokkerte den tyske jernbanetrafikken i 19 dagar. På bildet kan ein sjå reparasjonen etter spregninga.

Linge-karane hadde kontakt med og hjalp til med å organisere og trene milorg-gruppe med medlemer frå Verma, Lesjaskog og Bjorli våren 1945.

Litteratur