Fossøyane

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. mai 2012 kl. 08:14 av Oddloho (samtale | bidrag) (→‎Litteratur: retta ref)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fossøyane sett frå sørvest. Den gamle køyrevegen går gjennom grenda medan hovudvegen sidan 1980-åra har gått på elveførebygnaden.

Fossøyane er ei grend i Jostedalen i Luster kommune, Sogn og Fjordane. Grenda ligg på ei av dei største elveslettene i hovuddalføret. Bruka som utgjer grenda, høyrer til under matrikkelgarden Fossen. Fossøyane høyrde tidlegare til den nedlagde skulekrinsen Sperle.

Fire husmannsplassar

Fossøyane var lenge utan fast busetnad, truleg på grunn av at det flate området var mykje utsett for flaumane i Jostedøla. Den fyrste kjende faste busetnaden var ein husmannsplass som vart rydda kring 1761. Dette var den fyrste husmannsplassen under Fossen, og tre nye plassar vart rydda kring 1823, 1841 og 1844. Etter at hovudbruket i Fossen vart delt i 1805 og på nytt i 1862 med fråskiljinga av Dalen, vart plassane i Fossøyane liggjande under ulike bruk.

Sjølveigde bruk

Husmannsplassane i Fossøyane vart matrikulerte og fråskilde bruka i Fossen mellom 1865 og 1895. På 1800-talet ekspanderte busetnaden i Fossøyane mykje på grunn av folkeauken i bygda. Dette var eitt av områda i bygda der det var godt rom for nye bruk.

Med overgangen til eit mekanisert landbruk på 1900-talet vart Fossøyane eitt av dei meir lettdrivne områda for gardsdrift i Jostedalen.

Flaumar 1898 og 1979

Ein føresetnad for dette var betre elveførebygnad. Storflaumen 15. august 1898 valda store skadar i Fossøyane, og det same gjorde den endå større flaumen 15. august 1979.[1] Høgste vasstand under dei to flaumane er markerte med merke i fjellveggen i den sørlege delen av grenda.[2]

Notar

  1. Flaumar (Jostedal historielag)
  2. Flaummerke i Jostedal (Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane)

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 114-171. (Digital utgåve, NBdigital)