Fossøyane

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fossøyane sett frå sørvest. Den gamle køyrevegen går gjennom grenda medan hovudvegen sidan 1980-åra har gått på elveførebygnaden.

Fossøyane er ei grend i Jostedalen i Luster kommune, Sogn og Fjordane. Grenda ligg på ei av dei største elveslettene i hovuddalføret. Bruka og bustadene som utgjer grenda, høyrer til under matrikkelgardane Fossen og Sperla. Fossøyane høyrde tidlegare til den nedlagde skulekrinsen Sperla.

Fire husmannsplassar

Fossøyane var lenge utan fast busetnad, truleg på grunn av at det flate området var mykje utsett for flaumane i Jostedøla. Den fyrste kjende faste busetnaden var ein husmannsplass som vart rydda kring 1761, den fyrste under Fossen som fram til 1805 berre var eitt bruk.

Husmannsplassane var:

  • Fossøyane 1 - rydda kring 1823, plass under bnr. 1, nedlagd 1934, stova riven 1946
  • Fossøyane 2 - oppstod ved at Fossøyane 1 vart delt i 1844, plass under bnr. 1, frå 1864 under bnr. 4, nedlagd kring 1886
  • Fossøyane 3 - rydda kring 1761, plass under bnr. 1, frå 1805 under bnr. 5, frå 1895 under bnr. 9. Fråskild 1946 som ein del av Bøtun (bnr. 12), og sjølve plassen seld som Solheim (bnr. 16) i 1950.
  • Fossøyane 4 - rydda 1841, plass under bnr. 5, nedlag 1886.

Dei eldste plassane var liggjande under ulike bruk etter at hovudbruket i Fossen fyrst vart delt i 1805 og på nytt i 1862 med fråskiljinga av Dalen.

Sjølveigde bruk

Den fyrste matrikuleringa i Fossøyane var då bruket Fossøyplassen (i dag bnr. 4) vart utskilt 14.10.1865. Dette utgjorde dei delane av Fossøyane som før låg til Fossen (bnr. 1) og Dalen (bnr. 3). Frå dette bruket er seinare bnr. 10 (Øiene, 1908) og bnr. 11 (Nytun, 1943) utskilde. Det var drive handelsverksemd i ei gamal stove på bruket sidan tidleg på 1900-talet, og Samvirkelaget overtok denne i 1943 og fekk utskild ei tomt i 1947.

Den delen av Fossøyane som låg til Nedre Fossen (bnr. 5) vart fråskild 7.10.1895. Huset vart truleg sett opp på tufta som var att etter plassen Fossøyane 4, som var fråflytt i 1886. Frå dette bruket vart seinare bnr. 12 (Bøtun, 1946) fråskilt.

Med overgangen til eit mekanisert landbruk på 1900-talet vart Fossøyane eit av dei meir lettdrivne områda for gardsdrift i Jostedalen.

Flaumar 1898 og 1979

Ein føresetnad for dette var betre elveførebygnad. Storflaumen 15. august 1898 valda store skadar i Fossøyane, og det same gjorde den endå større flaumen 15. august 1979.[1] Høgste vasstand under dei to flaumane er markerte med merke i fjellveggen i den sørlege delen av grenda.[2]

Notar

  1. Flaumar (Jostedal historielag)
  2. Flaummerke i Jostedal (Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane)

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 114-171. (Digital utgåve, NBdigital)