Framhald (Romsdalshorn): Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 11: | Linje 11: | ||
*Oppslag i festsalen på huset | *Oppslag i festsalen på huset | ||
[[Kategori:Den frilynde ungdomsrørsla]] | |||
[[Kategori:Ungdomshus]] | [[Kategori:Ungdomshus]] | ||
[[Kategori:Forsamlingshus]] | [[Kategori:Forsamlingshus]] |
Sideversjonen fra 30. mai 2021 kl. 15:04
Framhald er namnet på lagshuset til Ungdomslaget Romsdalshorn i Rauma kommune. Huset var opphavleg bygd for Vestlandske Exportkompani som oppbevaringsstad for isblokker som vart henta opp frå elva Rauma, og gjekk under namnet Ishuset da dei i 1927 vart kjøpt på auksjon av ungdomslaget. Truleg vart det bygd mellom 1910 og 1920.
Ungdomslaget starta om- og påbygging, med kjøken, matsal og scene, og i 1937 vart det halde 10-årsfest med nyinnviing av scenekulissar.
Under andre verdskrigen var huset rekvirert av tyskarane, som brukte det til lager. Etter krigen vart det teke i bruk att av ungdomslaget. Behovet for vedlikehald var aukande, og i 1967 starta restaureringa. Den vart vellykka delvis fordi Norges Vassdrags- og Elektrisitetsvesen hadde behov for lokale under Gryttenutbygginga og leigde huset for arrangement. I 1972 stod det ferdig att.
I tiåra etterpå kom det nye krav til standard, så i 1998-99 vart den siste oppussinga gjennomført, med nytt kjøken, inngangsparti, toalettar og garderobe.
Kjelde
- Oppslag i festsalen på huset