Francis Hagerup

Sideversjon per 21. feb. 2017 kl. 09:39 av Stigrp (samtale | bidrag)

Georg Francis Hagerup (fødd 22. januar 1853 i Horten, død 1921 i Kristiania) var jurist, diplomat og høgrepoltikar. Han var statsminister frå oktober 1895 til februar 1898, og frå oktober 1903 til mars 1905.

Francis Hagerup er gravlagd på Vår Frelsers gravlund i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2012)

Francis Hagerup var son av kontreadmiral, statsråd Henrik Steffens Hagerup (1806–1859) og Nicoline Christine Jenssen (1808–1862). Han vart gift i 1880 med Frederikke Dorothea Bødtker (1853–1919).

Etter at faren var død flytta familien til heimbyen til mora, Trondheim. Hagerup vart cand.jur. i 1876 og dr.juris. i 1885, og var professor 1887-1906.

Hagerup var justisminister i Emil Stang si andre regjering frå 2. mai 1893 til 14. oktober 1895. Han var statsministar i to periodar, frå 1895 til 1898, og fra 1903 til 1905, og var stortingsrepresentant 1901-1906. Mellom 1901 og 1903 var han den paralentariske føraren i Høgre.

I 1906 gjekk Hagerup inn i diplomatiet, og vart norsk ambassadør til København, Haag, Brussel og Stockholm. I 1920 var Hagerup leiar for Noreg sin delegasjon då Folkeforbundet trådte samen for første gang i Genève. Han var medlem av Nobelkomiteen frå 1907 til sin død.

Francis Hagerup er gravlagd på Vår Frelsers gravlund i Oslo. Heile fornamnet (George Francis) er nytta på gravminnet, som og nyttar nyttar den diplomatiske tittelen "Minister".

Kjelder

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!