Francis Hagerup

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Francis Hagerup er gravlagd på Vår Frelsers gravlund i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2012)

George Francis Hagerup (fødd 22. januar 1853 i Horten, død 1921 i Kristiania) var jurist, diplomat og høgrepoltikar. Han var mellom anna statsminister frå oktober 1895 til februar 1898, og frå oktober 1903 til mars 1905.

Familie

Francis Hagerup var son av kontreadmiral, statsråd Henrik Steffens Hagerup (1806–1859) og Nicoline Christine Jenssen (1808–1862). Han vart gift i 1880 med Frederikke Dorothea Bødtker (1853–1919), og var fetter av forfatter, redaktør og misjonsforeningspionér Bolette Gjør (1835-1909).

Liv

Francis Hagerup levde sine fyrste år i Horten. Familien flytta til Christiania då faren vart marineminister i 1856. Foreldra døydde før Hagerup var 10 år, og han flytta til Trondheim. Der tok han examen artium i 1870 som elev ved Trondheim katedralskole.

Hagerup vart cand.jur. i 1876 og dr.juris. i 1885, og var professor ved Det kgl. Fredriks universitet i Christiania 1887-1906.

Hagerup var justisminister i Emil Stang si andre regjering frå 2. mai 1893 til 14. oktober 1895. Han var statsministar i to periodar, frå 1895 til 1898, og fra 1903 til 1905, og var stortingsrepresentant 1901-1906. Mellom 1901 og 1903 var han den parlamentariske føraren i Høgre.

I 1906 gjekk Hagerup inn i diplomatiet, og vart norsk sendemann (ambassadør) til København, Haag, Brussel og Stockholm. I 1920 var Hagerup leiar for Noreg sin delegasjon då Folkeforbundet trådte saman for fyrste gang i Genève. Han var medlem av Nobelkomiteen frå 1907 til sin død.

Ettermæle

Francis Hagerup er gravlagd på Vår Frelsers gravlund i Oslo. Heile fornamnet (George Francis) er nytta på gravminnet, som óg nyttar den diplomatiske tittelen "Minister".

Kjelder