Friskular i Gausdal

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. okt. 2010 kl. 06:35 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Tilføyingar og presiseringar. Litteratur)
Hopp til navigering Hopp til søk

Friskulane i Gausdal var private barneskular drivne i folkehøgskulens ånd, jf. utdjupande artikkel om friskulane. Det var to slike i Gausdal i to tett på kvarandre følgjande periodar. Den fyrste var driven av Johannes Skar i dei to skuleåra 1871-1873, deretter av Olav Åsmundstad til 1891 med litt avbrot. Den andre var friskulen som Ivar Blekastad dreiv i tjueårsbolken 1875-1895. Det dreia seg i båe tilfella om skular som vart drivne etter prinsipp sterkt påverka av grundtvigianismen og Christopher Bruuns idear, og dessutan i nært samvirke med Bruuns folkehøgskule i Gausdal.


Litteratur og kjelder

  • Bø, Olav: «Johannes Skar» i Norsk biografisk leksikon bd XIII, Aschehoug, Oslo 1958.
  • Haugen, Rolf: Grundtvigske friskoler i Gudbrandsdalen ca. 1870-1900. Hovedoppgave i pedagogikk ved Pedagogisk forskningsinstitutt, høsten 1980.
  • Hov, L. F.: «Ivar Blekastad», i Årbok for Dølaringen og Gudbrandsdal Historielag, 1936.
  • Åsmundstad, Per: Olav Tordson Åsmundstad og heimen Borg i Kvikne, Dølaringen boklag 2006.